I år har me auka kapasiteten på bubilparkering på Voss, slik at det skal vere endå lettare å legge ferien til Voss.
Campingplasser
På campingplassane finn du ein rekke oppstillingsplassar for bubil med uttak for straum. Voss Camping har 47 plassar med straum. I år er det også lagt til rette for 20-25 ekstra bubilplassar ved eigen oppstillingsplass på ungdomsskulen, rett ved siden av Voss Camping. Desse er tilrettelagt i høve til sikkerheit og med straum.
Voss Golf har 10 bubilplassar med straumuttak og tilgong til dusj og toalett. Pris 190,- per døgn.
Flatlandsmo Camping har 70 faste heilårsplassar til bubilar, og nokre oppstillingsplssar m/straumuttak for campingvognar og bubil sommarstid.
Både på Voss Camping, Flatlandsmo Camping og Myrkdalen Camping finn du oppstillingsplass til telt.
Tømmestasjon
Næraste tømmestasjon for bubilar på Voss er på Skulestadmo bak XY-stasjonen frå ca. 1.mai - 1.november. Sjå her for kart