Bygdelaurdag, Vossevangen
Gjennom vår, sommar og haust dukkar Bygdelaurdagane opp med jamne mellomrom, og på nokre laurdagar stenger me Vangsgata for bilar og fyller ho med liv, latter og opplevingar!
Datoar:
24. mai
31.mai
12. juli
26. juli
30.aug
På Bygdalaurdagane ynskjer me å skapa ei levande og mangfaldig møteplass midt i hjarta av Voss. Her satsar me på kortreiste smakar, lokalt handverk og spennande bruktfunn – eit ekte bygdatorg der folk møtest.
Nokre laurdagar er det ei lita påmeldingsavgift, medan dei større arrangementa, som Smalahovesleppet, har ein noko høgare deltakarpris. Inntektene går direkte til marknadsføring og god gjennomføring av arrangementet – før, under og etter.
Ved enkelte høve vil delar av Vangsgata bli stengt for biltrafikk. Difor kan det variera om du får plass på Torget eller i gata. Du får beskjed i god tid etter påmelding om kvar du skal stå.