Nydeleg vær denna dagen, sjår me
Herligt knips av god varm drikke og god stemning
Skitrekk glede oppe i høyden
Et hyggelig møte mellom mor og sønn?
Her står det om samarbeid i skibakken
Her får små og store læringa om ski og staver
Vinteren på sitt beste
Gøy i fellesen som også aleine
Kom å stå på alpin i Myrkdalen
Pass på! Her går det fort!
Utforkjøyring i vintersol,
På skitur til fjells
Alle man på rekke og rad
Vossestrand

Dagskort i Myrkdalen Fjellandsby

Med dagskort i Myrkdalen Fjellandsby kan ein nyta eitt av dei største skisentra på Vestlandet – med familievenlege bakkar, løyper i alle vanskegradar, parkar, skicross-løyper, herleg off-piste terreng og langrennsløyper.

I Myrkdalen fell det meir snø enn nesten nokon annan plass i Europa. Det gjer destinasjonen til ein ynda plass for skientusiastar, frå dei aller minste som leikar seg i barneområdet, til dei som likar velpreparerte løyper og urørt pudder.

Myrkdalen er eit familievenleg skisenter med 22 varierte løyper og ni heisar, og har alt frå familievenlege bakkar, løyper i alle vanskegradar, parkar og herleg off-piste terreng. Skisenteret har totalt ni heisar fordelt på to 6-setars ekspressheisar, tre t-krokheisar, tre tallerkentrekk og eit saktegåande rulleband for dei aller minste.

Løypenettverket er samanhengande, med totalt 22 varierte løyper i alle vanskegradar. Til saman byr Myrkdalen på 28,5 km med preparerte løyper. Løypene er breie og oversiktlege – Myrkdalen er difor ein ypperleg plass å læra seg å stå på ski. Treng ein skiundervisning eller å leiga ski har skiskulen og skiutleiga i Myrkdalen eit breitt utval av aktivitetar, kurs og utstyr.

Barneområdet har totalt to tallerkentrekk, eit saktegåande rulleband og fire varierte grøne løyper. Barneområdet ligg i sjølve basen av skisenteret, med enkel tilkomst frå parkering og Myrkdalen Hotel.

Langrenn, fjellski og topptur:
For dei som vil trena langrenn eller ynskjer familievenlege turar ligg Årmotslia rett over vegen for skisenteret. Her er det preparerte løyper og 5 km lysløype - perfekt for dei som vil ta ut den siste energien med ei kveldsøkt. Områda rundt Myrkdalen byr også på eit flott terreng for fjellski og toppturar.

Skiskule og skiutleige:
Skiutleige med alt av utstyr finn du hjå Sport 1 Myrkdalen. Myrkdalen Skiskule tilbyr privat- og gruppeundervisning på alle nivå i alpint, park, langrenn, snowboard og telemark.

Kveldskøyring:
Ope i helgane, og kvar dag i ferier. Kveldskøyringa er i Landsbytrekket og i Mikkeltrekket.

Overnatting:
På Myrkdalen Hotel eller i hytter og leiligheiter.

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Sommer
  • Vinter
  • Vår

Map