FRUKT- OG SIDERRUTA

Lekve - Syse - Hakastad

Ulvik, Hardanger

Berre ei kort reise frå Voss finn du Ulvik, eit ekte paradis for frukt- og siderelskarar.

Omringa av majestetiske fjell, Hardangerfjorden og frodige frukthagar, tilbyr Ulvik ei smakfull oppleving der du kan utforska tradisjonell siderproduksjon og nyta lokale delikatesser. La deg fascinera av handverket og historiane bak kvar drope, alt innanfor enkel rekkjevidd frå Voss. Ulvik er det perfekte stoppet for ein berikande dagstur fylt med kultur, natur og smak.

Hardanger Saft- og Siderfabrikk, Ulvik

Hardanger Saft- og Siderfabrikk

Fruktgarden på Lekve driv produksjon av eplemost, sider og brennevin. Førehandstinging av lunsj og middag i gardsrestauranten for større grupper. Sal av sider og eplemost i gardsbutikken.

Syse Gard

Syse Gard

Syse Gard, eit vestlandsbruk som dyrkar frukt og foredlar lammekjøt. Syse Gard er eit Economuseum på frukt og fruktforedling og har gardsutsal med vidareforedla frukt, lammekjøt, eplemost og sider.

Ulvik Frukt og Cideri

Ulvik Frukt & Cideri

Familiegard som dyrkar over 20 eplesortar, derav mange gamle. Driv med vidareforedling av eple til mange ulike typar eplemostar, sider og eplesidereddik. Har gardsutsal med sal av sider,eplemost og eplesidereddik.

Siderplanke 

I opningstidene til gardsutsala kan du i perioden April – Oktober koma innom og kjøpe siderfjøl for å smake på eit utval av sidrane som vert produserte på gardane. Ei uformell smaksoppleving i ditt eige tempo. Alkoholfritt alternativ er òg tilgjengeleg.

Book her

Omvisning med smaking 

Frå 4. juni til 14. august har gardane på tilbyr gardane på Frukt- og siderruta omvisingar med smaking.

Tidspunkt: 13:00 og 15:00
Tidsbruk: 1,5 time

Ulvik Frukt & Cideri: Fredag 13:00
Syse Gard: Torsdag og fredag 15:00
Hardanger Saft og Siderfabrikk: Torsdag 13:00

Bestill her

Grupper

For grupper frå 10 personar, eller til ein minstepris, er det mogeleg å bestilla omvising direkte hjå kvar gard. Vertskapa byr på spennande kultur- og smaksopplevingar, og ynskjer de å besøkje fleire gardar, lagar me gjerne eit tilpassa opplegg.

Ta direkte kontakt med ein av gardane bestilling av gruppeomvisingar!

Korleis koma seg til Ulvik?

Avstanden frå Voss til Ulvik er det ikkje meir enn ca 45 km. Avhengig av om ein køyrer sjølv eller tar buss for å koma seg til perla i Hardanger, tar det ein plass mellom 45min og 1t 10min.

Frå 1.mai til 30.september går det direkte buss med avgang frå Voss til Ulvik 10:05 kvar dag. 
Bussen går over Espelandsdalen ned til Ulvik sentrum. 

Frå Ulvik sentrum tar det ca. 30min å gå før du kjem fram til Frukt- og siderruta.

Om du ynskjer å reisa med andre bussar, sjekk ut reiseplanleggaren til Skyss!
På dei fleste andre bussar, må du skifta buss i Granvin.