cbis:2219468
cbis:2219468
cbis:2219468
cbis:2219468
cbis:2219468
cbis:2219468
cbis:2219468
cbis:2219468
cbis:2219468
Voss

Glamping, Voss

Velkommen til Tungeteigen Villglamp, berre eit par minutt å gå frå Eldhuset Dale (verten). Over jordet og over ei lita bru, der dukkar det opp ein magisk stad inne i skogen. Her kan du senka skuldrene, nyta suset frå elva og logga av frå kjas og mas.

I villglampen får du gode komfortable senger (1 dobbeltseng, 1 enkeltseng og moglegheit for å setja opp 1 ekstra seng), mjuke og varme dyner og puter, saueskinn og vedfyrt omn.

Treng du eit forfriskande bad, kan du hoppe uti ein dei mange kulpane ved elva som renn ved campen. Tallause fine turar kan takast rett frå opninga på lavvoen, anten om du vil gå i skogen eller komma deg høgt til fjells! Spør oss om turtips!

Tilbake over jordet finn du også toalett, dusj, vask og vaskerom, i låvens nyoppussa gamle mjølkerom.

Velkommen til skogs!

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Sommer
  • Nært naturen
  • Vandrestiar
  • Vinter
  • Balkong eller terrasse
  • Alpinanlegg
  • Vår
  • I nærleiken av fjell
  • På landsbygda
  • Naturområde
  • Skogsområde
  • Utandørs parkering (gratis)
  • Fjellområde
  • Ved elv
  • Høst

Map