cbis:2623299
cbis:2623299
cbis:2623299
cbis:2623299
Voss

Guida historisk vandretur til Sverrestigen - Wild Voss

Bli med på ein sprek vandretur i historiske omgjevnader! Høsten 1177 kjempet kong Sverre Sigurdsson og hans hær av Birkebeinere seg østover fra Voss. Ruta fekk navnet Sverrestigen. Ei spektakulær rute ved starten av Raundalen!

Bestill her

Turbeskrivelse
Raundalen er eit 25 kilometer langt dalføre som startar ved Rastalii aust for Voss og strekker seg heilt til Upsete. Rastalii ligg ved eit djupt elvegjel med bratte dalsider og glatte svaberg. Ein imponerande inngangsport til dalen! Her startar Sverrestigen, ein av dei mest kjente stiga i Raundalen. Vi legg raskt merke til kvar vill og dramatisk naturen er her, og der uframkommelig det ser ut. Det meinte nok Kong Sverre òg, for over 840 år sidan.

Hausten 1177 var Sverre Sigurdsson og hæren hans av Birkebeinere på veg til Bjørgvin, men vart stoppa av ein stor bondehær like utanfor Voss. Hærfølget til Sverre ville trekka seg tilbake inn i Raundalen, men hovedstien var sperra av bøndene. Sverre og mennene hans måtte finna eit anna alternativ, og slik vart Sverrestigen etablert: ein klyvesti laga av boltar og tømmer, som forserte dei bratte skråningene over elvegjelet.

Denne historiske vandreturen startar med at vi tar lokaltoget til grenda Klyve. Etter ein halvtime står vi ved starten av Sverrestigen. Stien er bratt og kan nok verka avskrekkande ved første augekast. Det finst ein enklare stig vi kan bruka viss motet sviktar eller forholda er for krevjande.

Vi set kurs mot Klyvsnolten (730), toppen høgt over Rastalii. På Klyvsnolten tar vi ein velfortent matpause med utsikt: eit herleg 360° panorama over Vossafjella. Etterpå fortset vi nordover langs fjellryggen til vi kjem inn på det som var den gamle Raundalsvegen. På returen ser vi kvar bøndene stod oppstilt for å blokkera kong Sverre retretten sin. Frå Klyve returnerer vi til Voss med tog eller buss.

Kva får du oppleva?
Med den ville naturen sin og interessante historie er denne dalen eit spennande turområde. Rett og slett ei perle, berre nokre få kilometer utanfor Voss! Ruta følgjene vår veg og merka stig i starten, men går så i stiløst, bratt og flott skogsterreng opp til Klyvsnolten, som byr på eit flott rundskue.

Sesong
Bestilling er mogleg kvar dag i perioden 10.mai til 25.oktober.

Krav til deltakarar
Denne turen går i terreng med varierande vanskegrad, i hovudsak skogsterreng. Viss forholda tillèt, går vi opp sjølve Sverrestigen i bratt og ulendt terreng. Her er det litt luftig, men ikkje særleg utsett. Du bør vera i brukbar turform og ha gått på fottur i ulendt terreng utanfor stiar før. Vanskegrada kan tilpassast ønska i gruppa.

Nødvendig bekledning og utstyr
På turen treng du følgjande:
- Gode sko eller støvlar til vandring i fjellet.
- Vind- og vasstette klede (skallbekledning).
- Liten ryggsekk (ca 20 liter).
- Ein ekstra ulltrøye.
- Ekstra genser eller lett fleecejakke.
- Solbriller og solkrem.
- Vandrestaver er ein god idé.
- Lua eller caps.
- Drikkeflaske (1 liter) og litt tursnacks.


Inkludert i prisen:
- Følgje av ein kompetent guide på heile turen.
- Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke – laga på primus.
- Alt nødvendig tryggingsutstyr.
- Leige av ekstra klede og vandrestaver.
- Tog- eller bussbilletter frå Voss til Klyve, tur-retur.

Ikkje inkludert i prisen:
- Tog eller annan reisemåte til Voss.

Ved å reservera plass på denne turen aksepterer du våre kjøps- og avtalevilkår (https://www.wildvoss.no/dokumentasjon).

Litt om ansvarleg turisme og berekraft
Wild Voss jobbar kontinuerleg med å redusera det økologiske fotavtrykket til turane og aktivitetane våre. Vi følgjer dei oppdaterte GSTC-kriteriene for eit ansvarleg reiseliv. Som deltakar på ein av turane våre kan du vera trygg på at:
- Vi ferdast sporlaust og i tråd med «Leave No Trace-prinsippene».
- Vi nyttar utsleppsfri infrastruktur når det er mogleg.
- Turane våre går til fots, på truger eller på ski. Ferda vår i naturen bidrar ikkje til auka klimagassutslepp, og fører med seg minimale konsekvensar for økosystema omkring oss.
- Guiden din deler gjerne kunnskapen sin om lokal natur, kultur og stader vi besøker.
- Vi støttar ansvarlege, lokale bedrifter.
- Guiden din vil framsnakke varsam og naturvennlig ferdsel og auka medvitet ditt om lokalt dyre- og planteliv.
- Vi følgjer lovar og reglar for ferd i fri natur og i kulturlandskap.
- Vi jobbar for å minimera avfallsmengda, og vel derfor produkt og emballasje med lang levetid.

Har du spørsmål om turen?
Kontakt Øystein på +47 93484041 eller send ein epost til [email protected].

Sverrestigen turdetaljer
Samlet distanse: Omtrent 9 km.
Estimert tidsbruk: Ca 4-5 timar vandring, avhengig av ruteval.
Samla stigning: 600 meter.
Turgradering: Rød - Middels
Familievennlig: Ja, for barn som har fylt 8 år.

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Sommer
  • Høst

Map