Eit par har stoppa for å ta bilete av ei elv, langs Rallarvegen. Dei står med kvar sin sykkel, på ein fin sommardag.
Ein person i ein packraft, på eit klart og blått fjellvatn. I bakgrunnen eit lite fossefall med dobbel dropp.
Ein person går langs eit fjellvatn. I vatnet vert både berget, mannen og den klare blå himmelen reflektert.
Dronebilete av område og Reinunga Eco hytte
Innsida av Reinunga Eco hytte. På bilete ser du ei lys stove med både spisebord, og stolar og benkar rundt ei stovebord.
Flåm

Guida turer med Rallar Adventure, Myrdal

RallarAdventure ønskjer å dela opplevinga av dei norske fjella med gjestene våre. Me tilbyr guida turar med elsykkel og packraft i fjellområda mellom Finse og Flåm. Bli med på sykling, padling eller vandring langs Rallarvegen.

Me brenn for natur og berekraft, og difor trivst me så godt med å arbeida i dette området der det ikkje finst bilar, vegar eller forureining – berre natur. Området er berre tilgjengeleg med tog, og me ønskjer å fremja klimavenleg reising.

Rallarvegen er eit verna kulturminne og ein viktig del av den norske kulturarven. Han har fleire gongar blitt kåra til Noregs vakraste sykkeltur.

2 timars tur med el-sykkel
Ein rundtur med start frå Vatnahalsen togstasjon. På denne turen tek me deg med på ein eventyrleg sykkeltur langs den berømte Rallarvegen.

Andre turar
Desse turane er tilgjengeleg på førespurand:
4 timers guidet elsykkel + packraft
2-dagers elsykkel + fjellhytte
Guidet fottur
Skreddersydde turar

Alle våre turar er i område kring Rallarvegen og er ei reise gjennom storslått natur, langs vakre fjellvatn og mellom høge fjell. Område ligg ved foten av nasjonalparkane Hallingskarvet og Hardangervidda.

Rallarvegen er framleis bygd og vedlikehalden på ein måte som er tru mot den opphavlege stilen frå tidleg 1900-tal, og i dag kan alle beundra det imponerande arbeidet som vart lagt ned i murar og bruer.

Rallarvegen går parallelt med Bergensbanen og er stengd for biltrafikk. I dag fungerer den kun som tur- og sykkelveg.

Overnatting
Du er velkommen til å leiga hytta vår i fjella nær Myrdal, Flåm og Voss, ved den berømte Rallarvegen og den endå meir berømte Flåmsbana. Dette alternativet er perfekt for eit par, venner eller familie som ønskjer ei koseleg og moderne hytte omgitt av vakre fjell.

Meir informasjon om hytta på: https://www.reinungahytta.com

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Sommer
  • Vår
  • Høst

Map