Guide til isbading

Isbading er ein tradisjon som har blitt meir og meir populær dei siste sesongane. Om du søker adrenalin og moro er isbading perfekt. Det blir også sagt at isbading har fleire positive helse effektar t.d. skal de forbetre sirkulasjonen og såleis den fysiske helsa. Om du jamnleg oppheld deg i kulda vil du også bygge eit betre immunforsvar mot kulda. Sist, men ikkje minst er isbading bra for den mentale helsa. Du får verkeleg kopla av frå alt anna når du hoppar uti iskaldt vatn. 

For å få er skikkelig god oppleving er det viktig å puste sakte og å vera bevisst på pusten sin. Mange opplev difor også isbading som ein form for meditasjon. Det beste av alt er likevel at du får vera ute, du får oppleva vakker natur på ein ny måte og du får totalutbytte av alt vinteren har å by på.  

en gjeng er klar for å bade om vinteren, på voss

bading i morgensol på voss  en gjeng bader om vinteren, på voss  bading om vinteren på voss  
Foto: Karoline Fosse

Huskeregler ved isbading:

  • Ver alltid sikker på at omgivelsane dine er trygge.
  • Om du går utpå isen – er den tjukk nok? 
  • Om du bader i ei elv – er det strømmer som kan dra deg under isen? 
  • Ikkje dra aleine. Du kan fort få krampe i kaldt vatn og eit hjelpande hånd er alltid godt å ha. 

Sjekk ALLTID omgivelsane og tenke deg godt om før du hoppar uti/går ut på isen. 

isbading på voss  dame leter etter plass å isbade  dame isbader på voss
Foto 1: Karoline Fosse. Foto 2 og 3: Ingrid Hus

Tips til å gjere isbadinga endå betre!

Ta med deg øks. Ofte må ein komme seg igjennom eit tjukt lag med is.

Ta på deg fleire lag med ull, frå topp til tå. Du får ei betre oppleving om du unngår å bli kald før du skal bade. Ull er også det beste å ta på seg etterpå. Ha eit tynt, mykt lag med ull innerst. Ha eit tjukkare lag med ull utanpå der og vinterjakka/buksa ytterst. (Søk gjerne opp 3-lags prinsippet)

Ta på deg badedrakta heime, om du veit at du skal ut å bade. Då slepp du å bli kald når du skal skifte utandørs. 

Stå på ullsokkane dine når du bytter. Mange likar også å bade i ullsokkar, spesielt om det er steinar eller ujamn botn. Det er mykje vondare å trakke på ein stein når foten er iskald. 

Om du ikkje har planar om å dukke under med hodet er det godt å ha på hue. Det høyres kanskje rart ut, men tørt hår og varmt hode hjelper mykje, spesielt om det er vind ute. 

Dukker du heilt under, med både kropp og hodet bør du tørke håret først og ta på deg ei hue. Då unngår du at håret fryser til is.

Når du er tilbake på land gjeld det å tørke seg fort og ta på alle laga med ull og yttertøyet kjapt. 

Isbading er best når det er vindstille. Vinden gjer at det kjennest endå kaldare ut å komme opp av vatnet. 

Det er alt du treng å gjere – no igjen står det berre å faktisk hoppe uti!

isbading på voss  isbading på voss  mann spiser is under vann om vinteren
Foto: @wariacki_mors (Instagram)

Gode plasser å isbade på Voss

Den beste plassen å starte for nybyrjarar ligg midt i Voss - Vangsvatnet. Langs heile Prestegardsmoen er det strand så her er det enkelt å komma seg ut på isen eller uti vatnet. Ein komfortabel start på isbadinga.

Lønavatnet er også ein fin plass for ein dukkert. Utsikta mot fjellet Lønahorgi er fantastisk, men det kan hende du må leite litt etter ein plass å komme deg ned til vatnet. 

Køyrer du til Mjølfjell finn du mange fine kulpar å bade i. OBS! Du må vera ekstra forsiktig når du bader i elver. Det kan vera sterke strømm i elva og is under vatnet. 

Oppheimsvatner er eit vatn med mange fine badeplassar. På nord-øst sida ligg det ei kjempe fin strand. Vatnet ligg på kring 300 moh og store deler av vinteren er det dekka med eit tjukt lag med is. 

Demmo på Flatlandsmoen er eit lite vatn med mange fine badeplassar. Utforsk område! 

Granvinsvatnet. Om ikkje vatnet er fryst er vatnet ei unik perle omkransa av høge fjell. Parker langs vegen ein plass og hopp uti! Her vil me anbefale sokkar eller sko då botnen er full av ujamne steiner. 

Om du vil bade i fjorden køyrer du til Granvin. Det er laga ei kvit sandstrand i Fjordparken, i Granvin sentrum. Fjorden fryses veldig sjeldan, så her treng du nok ikkje ha med deg øksa.  

bade i isen på voss  mann bruker en pustemetode for å holde ut lengre i isvann  mann isbader på voss
Foto: Martin Kristensen

 

Vil du gjere badinge opplevinga endå bedre? På Scandic Voss kan du booke badstu og frokost for kun 199,- per pers (man-fre, må bookast via tlf eller epost)

badstu på scandic voss  to damer på frokost på scandic voss etter isbading i vangsvatnet
Foto: Karoline Fosse