Flåm

Guidet elsykkeltur langs Rallarvegen, Rallar Adventure

Bli med på ein 2 timers guida elsykkeltur gjennom spektakulær fjellnatur langs delar av den ikoniske Rallarvegen. Turen startar på Vatnahalsen stasjon, langs Flåmsbana, og tek deg gjennom dramatisk vestlandsnatur med høgfjell, juv, innsjøar og historiske steinbruer, alt frå setet på ein komfortabel elsykkel.

Dette er ein sosial og aktiv tur som passar perfekt for deg som vil oppleva noko av det vakraste fjellandskapet i Noreg, utan at det krev mykje erfaring eller ekstrem fysisk form.

Opplev den historiske Rallarvegen på elsykkel!

Ei reise gjennom fjell, historie og natur

Saman med guide syklar du langs den gamle anleggsvegen som vart bygd i samband med Bergensbana og Flåmsbana, ei av dei mest kjende sykkelrutene i landet. Undervegs får du høyra historier om bygginga av Rallarvegen, fjellivet og naturen rundt deg.

Turen går mellom vakre fjellvatn som Reinunga og Klevavatnet, og gjennom dramatiske landskap ved foten av Hallingskarvet nasjonalpark. Undervegs blir det stopp for å ta bilete, få i seg drikke og tid til å nyta utsikta.

Elsyklane gjer turen tilgjengeleg for fleire, og lar deg fokusera på opplevinga framfor motbakkane.

Kven passar turen for?
Vaksne og ungdom (over 150cm høge)
Par og vennegjengar
Reisande som ønskjer ei aktiv naturoppleving
Deg som vil oppleva Rallarvegen utan lange dagsetappar
Nybyrjarar på elsykkel

Du treng ingen tidlegare erfaring med elsykkel, men må vere komfortabel med å sykla på grusveg.

Minimumshøgde: 150 cm.

Praktisk informasjon
Varigheit
2 timar

Sesong
Sommar og tidleg haust (avhengig av snøforhold)

Inkludert
Guide
Elsykkel
Hjelm
Varm drikke

Ta med
Yttetrøy, tilpassa værmeldinga
Gode sko
Vatn og mat (om ynskjeleg)

Overnatting
Du er velkommen til å leiga hytta vår i fjella nær Myrdal, Flåm og Voss, ved den berømte Rallarvegen og den endå meir berømte Flåmsbana. Dette alternativet er perfekt for eit par, venner eller familie som ønskjer ei koseleg og moderne hytte omgitt av vakre fjell.

Meir informasjon om hytta på: https://www.reinungahytta.com

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Sommer
  • Høst

Map