cbis:2688424
cbis:2688424
cbis:2688424
cbis:2688424
cbis:2688424
cbis:2688424
cbis:2688424
cbis:2688424

Hardangerfjord Ultimate RIB safari Ulvik, Hardangerfjord Adventure

To fantastiske fjordarmar på ein tur!

Bestill her

På denne RIB-turen til Simadalsfjorden og Osafjorden får du oppleve veglause fjordbygder og spektakulær natur.

Frå Ulvik går båtturen først mot den imponerande Hardangerbrua, Noregs lengste hengebru, før ferda går vidare til fjordarmen Simadalsfjorden ved Eidfjord. Her blir du omkransa av majestetiske fjellformasjonar og krystallklart fjordvatn. Turen fortset deretter inn den 13 kilometer lange og vakre Osafjorden, der me passerer fleire gamle, veglause fjordgrender. Her blir du teken med tilbake i tid og får innblikk i livet til menneska som ein gong budde her langs fjorden.

Undervegs stoppar me fleire stader langs fjorden, slik at du kan nyte det mektige landskapet og la inntrykka verkeleg synke inn. Kanskje dukkar både sel, nise eller havørn opp, så hald gjerne kamera klart. Guiden vil dele interessante og tankevekkjande historier om fjorden og dei som har levd her gjennom generasjonar.

Heile turen går føre seg på ein trygg og sikker måte, men du vil likevel merke kreftene i vår RIB (Rigid Inflatable Boat), som gjev deg vind i håret og adrenalin i blodet.

SESONG
Mai til september
13:00 kvar dag

VARIGHEIT
1 time og 45min + transport og skiftetid

PRIS
Voksen & ungdom kr. 1245
Barn kr. 995

KRAV
Minimum alder 5 år

Kontaktinformasjon

Map