cbis:2729787
cbis:2729787
cbis:2729787
cbis:2729787

Havkajakk med Kayak Voss

Bli med oss på ein heilt spesiell kajakktur – ein heil dag på fjorden, langt vekk frå folkemengdar og stress. Me tek deg med til stille og vakre område som ikkje er overfylte av turistar, og gjev deg ei oppleving du seint vil gløyma.

Turen blir tilpassa deg og dine ønskje. Du kan velja å kombinera padlinga med ein fottur, fiske, eit godt lokalt måltid, eit besøk til ein lokal attraksjon eller historisk stad - eller kanskje ei ost- og sidersmaking?

Dette er ein tur for deg som vil koma tett på fjorden, og som vil nyta stillheita, naturen og utsikta frå kajakken.

Me startar roleg, og sørgjer for at du blir trygg i kajakken og får opplæring i det du treng av padleteknikk. Du padlar saman med ein av våre flinke og trivelege instruktørar som er med heile vegen. Me legg vekt på tryggleik, slik at du kan senka skuldrane og berre nyta dagen.

Passar for: Dei fleste – inga erfaring nødvendig
Aldersgrense: Frå 10 år
Du må vera: Symjedyktig og komfortabel i vatn
Dette får du: Alt av utstyr, opplæring og transport
Ta med deg: Ullundertøy, badetøy, handkle, solkrem, solbriller, caps/hatt, drikkevatn, snacks og niste
Oppmøte: Kayak Voss, Flyplassvegen 135
Tidspunkt: Kl 09:00
Pris: 2500 kr

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Sommer
  • Vår
  • Høst

Map