cbis:2723469
cbis:2723469
cbis:2723469
cbis:2723469
cbis:2723469
cbis:2723469
cbis:2723469
Granvin

Kvanndalstreppene (lågterskeltur)

Sherpatrappene til Kvandalsstølen tek deg med opp gjennom vakkert vestlandslandskap, der det er idyllisk frå fyrste steg på stien. Rundt deg er det frodig og grønt, med Kvanndalselva som renn langs stien. Dette er ein tur som kombinerer historie, kultur og vakker natur. Stølsstien, som har eksistert sidan 1600-tallet, har dei siste fire årene fått 1800 trappetrinn, bygd av erfarne sherpaer frå Khunde i Nepal.

Me arrangerer guida turar opp Sherpatrappene til Kvandalsstølen, og tilbyr ulike variantar av turen tilpassa dine ynskje og ferdigheiter. Ynskjer du ein rundtur der du får oppleve fleire sider av fjellet? Me tilpassar turane slik at du får den beste opplevinga, anten du vil ha ein roleg familietur eller ei meir utfordrande rute.

Undervegs deler me lokalhistorie og kunnskap om området, og me sørgjer for at du får ein trygg og minneverdig tur. Me kan også ordne med logistikk, slik at du slepp å bekymre deg for transport eller ruteplanlegging – du kan berre nyte turen og den storslåtte utsikta.

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Sommer
  • Vår
  • Høst

Map