Å sveve gjennom lufta i 200km/t er ei heilt spesiell oppleving
Alle som kjenner på ei form for eventyrlyst veit at dette er noko dei vil oppleve.
Luftige svev på Voss
Dei fleste har hatt ein draum å fly, men viste du at det er så mange måtar å få oppfylt draumen på? Vossingar er kjent for å vera litt gale og tiltrekk seg ekstremsportutøvarar frå heile verda, men lufta er for alle! Her kan du fly trygt i vindtunnelen, i eit tandem fallskjermhopp eller i tandem paragliding. Er du meir eventyrlysten kan du melda deg på kurs og hoppe i fallskjerm heilt sjølv! Er du klar for å kjenne kriblinga i magen?