Foto:
Sverre F. Hjørnevik
Myrkdalen ungdom
Foto:
Sverre F. Hjørnevik
Myrkdalen heis

Myrkdalen Fjellandsby

Tenk om du kunne dra på skiferie til eit pudderparadis med tilbod til absolutt alle, uansett nivå. Der løypene alltid er nypreppa og urørt nysnø berre er nokre stavtak unna. Alt dette og meir til finn du i Myrkdalen – Vestlandet sitt eige vinterparadis.

«Myrkdalen er perfekt for ski-entusiastar, frå dei aller minste i barneområdet, til dei som likar velpreparerte løyper og urørt pudder.»

Lett tilkomst til eventyrlege alpinbakkar

Myrkdalen ligg i Voss herad, midt i eit mektig landskap av fjell og fjord. Her er lett å koma til – Snaue to timar frå Bergen og fem timar frå Oslo. Hoppar du på toget kan du enkelt ta bussen vidare til eit av dei mest snøsikre skianlegga i landet.

Komplett, familievenleg skisenter 

Myrkdalen er ein komplett familievenleg destinasjon med tilrettelagte aktivitetar både med og utan ski – frå basecamp for born til hundekøyring, aking og isfiske. Du treng ikkje velja mellom frikøyring og familiaktivitetar – her får du begge delar!

Langrenn, fjellski og topptur
Overnatting med ski inn/ski ut

Ynskjer du overnatting kan du velja mellom å bu på Myrkdalen Hotel, leilegheit eller hytte. Det meste med i ski inn/ski ut nærleik til skiheisane. Alt er samla på ein stad, og du kan la bilen stå parkert under heile opphaldet.

Nærleik til spektakulære fjordopplevingar

Nærleik til fjorden let deg kombinera skikøyring med spektakulære fjordopplevingar. Utforsk Nærøyfjorden frå eit fjordcruise eller bli med på verdas vakraste togreise frå vakkert fjordlandskap i Flåm til snødekte fjelltoppar på Myrdal!
 

Løypekart: 

Løypekart
 

 

Meir frå Myrkdalen:

<% totalFilter %> filter applicerade