Vossestrand

Myrkdalen - Leilegheiter

Er de fleire som ynskjer å bu saman eller vil ha større plass med moglegheit til å laga mat sjølv, er ferieleilegheitene med sjølvbetening i Myrkdalen Fjellandsby eit godt alternativ.

Det er gangavstand til skiheisane om vinteren og sykkel- og turområde om sommaren. Restaurantar, kaféar og barar er også i nærleiken.

Med ferieleilegheit i Myrkdalen vil du kjenna deg som heime, og gje deg og reisefølget ditt meir plass og privatliv.

Alle ferieleilegheitene har høg standard og ligg nær skisenter om vinteren og turområde om sommaren. Leilegheitene varierer i storleik og ligg i 7 ulike område rundt Myrkdalen sentrum. Dei fleste er privateigde så innreiing og utstyr varierer frå eining til eining, men alle har fullt utstyrt kjøkken inkludert oppvaskmaskin, bad med dusj og toalett, sofagruppe, TV og spisebord.

Avstand frå skiheis/trekk
Ski inn - ski ut

Innsjekk og utsjekk
Innsjekk og utsjekk er på Myrkdalen Hotel som ligg i hjarta av fjellandsbyen
Innsjekk: Frå kl 16.00
Utsjekk: Før kl 11.00

Tidleg innsjekk og sein utsjekk
Ved ledig kapaistet er det mogleg å bestilla tidleg innsjekk og sein utsjekk til kr 100 per time. Dette kan ein ikkje bestilla online, men send gjerne ein førepurnad til [email protected]

Aldersgrense
Det er 23 års aldersgrense for bestilling av hytter og leilegheiter i Myrkdalen Fjellandsby

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Sommer
  • Vinter
  • Vår
  • Høst

Map