opplæring skiskule born og snø
Myrkdalen Skiskule
Myrkdalen Skiskule ønsker dykk velkomen
Myrkdalen Skiskule
Vossestrand

Myrkdalen Skiskule

Myrkdalen Skiskule tilbyr privat- og gruppeundervisning på alle nivå i alpint, park, langrenn, snowboard og telemark.

Har du aldri stått på ski før eller ynskjer du å finpussa på teknikken? Myrkdalen Skiskule tilbyr privat- og gruppeundervisning på alle nivå i alpint, park, langrenn, snowboard og telemark.

Dei legg vekt på at det skal vera moro på ski, anten du er ung eller gamal, nybyrjar eller vidarekomen, sprek eller ikkje fullt så sprek.

Instruktørane er i alle aldrar, med ulik yrkesbakgrunn i tillegg til ei solid instruktørutdanning frå Den Norske Skiskole. Skiskulen i Myrkdalen er ein av skiskulane i landet med høgast kompetanse og utdanning, noko dei er stolte av. Sjå prisar på privat- og gruppeundervisning.

I tillegg til tradisjonell skiundervisning tilbyr skiskulen ulike kurs, aktivitetar og barnepass gjennom heile sesongen:

Aketur:
Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen. Så lenge veret tillet det er det lagt opp til ein liten stopp undervegs med servering av varm drikke.

Skredkurs, langrennskurs, toppturkurs:
Gjennom heile vintersesongen tilbyr dei ulike kurs innan skredlære, topptur, langrennsteknikk og meir.

Barnepass:
Myrkdalen skiskule tilbyr barnepass på dagtid slik at mor og far kan boltra seg litt på eigenhand!

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Vinter

Map