Myrkdalen Sport & Ski Hire
Myrkdalen Sport & Ski Hire
Myrkdalen Sport & Ski Hire
Vossestrand

Myrkdalen Sport & Skiutleige

I Myrkdalen finn du sportsbutikk, skiutleige og skiskule under eit og same tak i Torggarden. Dei tilsette gjev gode råd og finn utstyret som passar akkurat deg.

Butikken fører kjende varemerke som Åsnes, Bjørn Dæhlie, Sweet, Kari Traa, Bula, Ortovox, Helly Hansen, We Norwegians og mange fleire.

Leig utstyr
Treng du å leiga skiutstyr eller vil du prøva noko nytt kan du hjå Myrkdalen Skiutleige leige utstyr for alle aldrar og nivå. Skiutleiga har eit breitt utval av alpintutstyr for nybyrjarar til ekspert, for born og for vaksne. Du kan også leiga snowboard, langrennski og barnepulkar. Hjelm får du låna gratis så langt lageret rekk.

Har du eige utstyr som treng oppfrisking, kan skiutleiga slipe utstyret ditt med den nye slipeautomaten frå Wintersteiger som garanterer perfekt såle og knallgode kantar.

Myrkdalen Sport & Skiutleige har ope kvar dag gjennom vinteren.

Utleige av syklar: I sommarsesongen har Myrkdalen Sport& Sykkelutleige eit godt utval av terrengsyklar til utleige. Fulldempa, hardtail og elsyklar. Butikken har også sykkelbekledning til sals.

Kontaktinformasjon

Map