Fjordparken i granvin, utsikt mot granvinsfjorden

På tur i nærområde

På Voss og i grendene rundtom i bygda er det mange fine stiar og spennande plassar å utforske. Desse turane er perfekt på regnværsdagar, om du ynskjer ein roleg ettermiddagstur eller kanskje ein kortare søndagstur. Om du deler bilete frå turane på sosiale medier vil me gjerne sjå, tag gjerne @visitvoss eller bruk emneknaggen #visitvoss. God tur!

Dagsturhytta Klepp

dagsturhytta klepp   dagsturhytta klepp

Dagsturhytta på Voss ligg flott til på Klepp (600 m.o.h) på nordsida av Vangsvatnet. Dagsturhytta er gratis for alle, heile året. I hytta kan du eta matpakka di, varma (evt. tørka) kroppen ved peisen, og kosa deg med bøker frå hyttebiblioteket. Det er ikkje lov til å overnatte i hytta. Skadar eller andre feil på hytta kan meldast frå om til Innbygjarservice tlf. 56519400.

Vis omsyn til beitedyra
Det er beitedyr i området. Lat att grindene etter dykk og vis omsyn til dyra.

Bandtvang
Ta gjerne med hunden på tur til Dagsturhytta, men me minner om forskrifta for bandtvang som gjeld for Voss herad.

Les meir om hytta her: Voss herad

Korleis koma seg dit:
Du kan koma deg til hytta ved å gå frå sentrum eller gå frå Hanguren. Det er skilta sti på Hangurstoppen og frå parkeringa på Heggjavad.

Parkering
Det er viktig at ein parkerer på parkeringsplassen på Heggjavad. Det er ikkje lov til å parkere langs vegen og på møteplassar. Hugs også å betala parkeringsavgifta.

Tilkomst frå Mølstertunet: Frå Mølstertunet går du fyrst 30 meter på den T-merka stien mot Hanguren. Ved fyrste stikryss tek du til venstre og held fram på stien som går mot vest. Når du kjem til traktorvegen etter om lag 2 km tek du til høgre. Turen går vidare oppover på traktorvegen i om lag 2 km til du er framme ved Dagsturhytta. Turen er 4 km og har 450 meter stigning.

Tilkomst frå Hangurstoppen: Følg skilt mot Dagsturhytta langs Grebbeløypa. I stikrysset Gråurdsdale, ta til venstre og følg skiltinga vidare til Dagsturhytta, cirka 2 km. Her er knallfin utsikt og koseleg nisteplass! Frå Dagsturhytta, fins det mange stiar til Voss sentrum. Sjå på kartet. Ein fin tur er å fylgja skogsvegen til venstre bak den raude hytta bak Dagsturhytta. Denne snor seg omlag 2 km nedover lia før du kan ta til venstre ned hovudstien mot Mølster og deretter vidare mot Voss sentrum.

Tilkomst frå parkeringsplassen på Heggjavad: Køyr til Raugstad og vidare opp til Heggjavad (P-avgift). Frå parkeringsplassen går du nedover på bilvegen i om lag 400 m. Her tek du til venstre og går opp traktorvegen i om lag 2,2 km til du er framme ved Dagsturhytta. Traktorvegen er i bruk til skogsarbeid, vis hensyn. Turen er 2,6 km og har 270 meter stigning.

Kulturstien på Hedleberget

På historisk grunn tek Kulturstien deg med frå moderne drift til korleis det vart gjort på 1800-talet. Stien er godt merka og er ein fin tur også utan guiding. Om du ynskjer historieforteljing undervegs, ta kontakt med Interesse-gruppa for Hedleberget! Kulturstien på Kyte er ein tur som gjev deg både utsikt og innsikt!

Korleis koma seg dit:
Frå Voss sentrum køyrer du E16 mot Oslo, ved Coop Extra i Skulestadmoen tar du mot Nedkvitne. Køyr forbi Voss Active og etter eit par hundre meter tar du til høgre mot Almeland. Ta til høgre igjen, inn på Reppavegen. Snart kjem du til eit nytt kryss og på venstre side ser du Voss Bryggeri. Ta til venstre mot Voss Bryggeri. Køyr til du ser skilt mot Hedleberget inn til venstre. Tilrettelagt parkering før bommen på vegen.
 

Foto:
Karoline Fosse
mor og barn på utsiktspunktet på hedleberget
Foto:
Hedleberget
Kart over kulturstien på hedleberget
Foto:
Torstein Ohnstad
Kultursti på hedleberget

 

Skifergruva på Saue

På Saue ligg ei stor skifergruve etter dei ein gong i tida grov ut skifer her. Dette er eit spennande område å utforske både for store og små. Ein kan klyva på steiner og gå igjennom grotta, som faktisk har to inngangar. Det er ikkje sti inn til grotta, men ruta er godt merka med kvite plastremser i trea, frå grusvegen og heilt fram til grotta. Hugs også å stoppe undervegs å nyt utsikta. 

NB! Vær varsom - ein utforskar grotta på eige ansvar. Steinane på bakken kan vera lause og glatte.

Korleis koma seg dit:
Køyr frå Voss mot Vinje. Like etter Saue Camping skal du ta av mot venstre for å parkere. Parker på merka område, som vist i kartet under. Ein må gå ca 50m langs hovudvegen. Følg så Blikbergsvegen eit stykke oppover før du tar av på ein fin og brei traktorveg. Det er også skilta mot "Skrifergruva" på vegen opp, I den andre svingen på traktorvegen starter merking mot grotta. 
 

inne i grotta på saue
på veg til skifergruva på saue
merking på veg til skifergruva på saue

 

Gapahuk i Holbygda

I Holbygda ligg ein kjekk gapahuk, tillaga med grilling, og balanslina, pilkast, og nokon andre aktivitetar. Fin utsikt til Lønahorgi. Ein starta nede ved Ospeskogen, der vegen deler seg til Haga. Det står eit opplysingsskilt der. Det er 1.4 km opp til gapahuken på merka sti. Ein kan også gå ned til Arnetveit og heim langs vegen til Ospeskogen, då vert turen ca. 5 km totalt. 

NB! Hugs å lukka grinder etter deg og hugs at det er båndtvang. 
 

 

Hustveit gard

Hustveit er ein nedlagd fjellgard på Voss. På tunet er det ei årestove, eit bualoft, ein låve og ei stove. I tillegg er det eit sel på Helset. Garden ligg på eit platå ca 330 moh. Dette er eit verkelig fint turmål og du har flott ustikt mot både Voss og Lønahorgi. Stiane og tunet er spennande å utforske og historia til garden gjer turmålet litt ekstra spesielt. Voss sin fyrste ordførar vaks blant anna opp her, du kan lese meir på Facebook sida til stiftinga som i dag eig garden: Klikk her

Korleis koma seg dit:
Køyr E-16 til Tvinne, ta av mot Nedkvitne, og parker på tilvist plass ved Vetlavatnet. Gå attende mot Tvinne omlag 700m, over brua, og følg skilting til Hustveit. Delvis på traktorveg og delvis på sti.
 

Foto:
Jon Hunnålvatn Tøn, Hunnalvatn Media
Hustveit gard
Foto:
Jon Hunnålvatn Tøn, Hunnalvatn Media
Ein gjeng studerer eit bygg på Hustveit gard
Foto:
Jon Hunnålvatn Tøn, Hunnalvatn Media
Vandring i skogen på veg til hustveit gard

 

Vangen – Mølstertunet

Mølstertunet ligg høgt og fritt med fin utsikt over Vossavangen. Det er eit vakkert gardstun med 16 små og store bygningar. Husa står der dei ein gong vart sette, ingen ting er flytta til eller frå. Ved sida av Mølstertunet og Voss Folkemuseum er det laga til med benkar, i tillegg kan ein sjå på gondolen som går forbi. Er museet ope anbefaler me sjølvsagt ein tur innom utstillinga «Utsyn mot Voss» som opna sommaren 2021 og ein tur innom kafeen.

Korleis koma seg dit:
Denne turen startar midt på Vangen. Følg Guldfjordungsvegen frå Voss Sparebank. Etter at du har gått under gondolen følger du Hangursvegen mot høgre. Gå eit lite stykke til, til du kjem til eit asfaltert kryss og du ser skiltet mot Voss Folkemuseum. Herifrå er det skilta mot museet i alle kryss. 

Skilt mot Voss Folkemuseum
 

 

Prestegardsmoen

Prestegardsmoen er eit stort og variert friområde ved Vossevangen sentrum. Her er mange stiar og vegar å gå, fine badestrender og Voss Aktivitetspark. Frå Vangskyrkja kryssar du uttrågata og føl Prestegardsalleen heilt til du kjem til utebassenget. Her startar Prestegardsmoen også kalla «Moen» blant dei lokale. Rundløypa her er ca 1,5 km og er tilrettelagt for alle. Løypa går frå utebassenget og følger grusvegen inn i moen. Ta til venstre mot Bergslitræet når du ser brua framføre deg. Ta til venstre igjen når du kjem til fotball- og tennisbanane og følg til slutt asfalten frå Vossabadet til du er attende med utebassenget. Det er mange fine stopp undervegs her, så ta deg gjerne god tid. Om sommaren er det også stolpejakt i heile område. 
 

 

Bømoen

Bømoen er eit stort friområde på Palmafossen. Her kan du velje mellom mange forskjellige løyper, frå 1 til 10 km, det er infoskilt om løypene ved parkeringa og skilt undervegs. I tillegg er det mange stiar ein kan utforske. Ved parkeringa ligg Viljar IL sin fotballbane som også har ein liten leikeplass. Inne i Bømoen finn du bl.a. ein gammal militærleir, stiar som egnar seg for sykling, ei hinderløype, ein motorcross bane og Voss Fallskjermklubb, som har både kafé og leikeplass ope for alle. 

Korleis koma seg dit:
Med bil, 5 minutt: Følg Hardangervegen og Rv13 sørover frå Voss sentrum, retning Granvin. Etter vel 2 km tar du til venstre mot Mjølfjell og Bømoen. Køyr forbi barneskulen, deretter første veg til høgre. Det er skilt mot Bømoen. Sjå etter parkering på høgre side av vegen.

Med buss, 10 minutt: Følg rutebuss frå Voss jernbanestasjon retning Lemme, gå av ved Palmafossen skule. Gå over skuleplassen, Bømoen-omårdet ligg på andre sida av plassen.

mor følger barn på sykkel i bømoen
 

 

Langs Melsvatnet

Frå idrettsplassen i Skulestadmoen går det ein fin grusveg langs vatnet og til skulen, Skulestad Skule. På turen går ein forbi ei flytebrygge, kryssar ei lite bru og det er fleire benkar i stein. Det er som regel mange ender her også som er kjekke å sjå på for dei minste. Om du vil utforske litt ekstra følger du stien bort til Rema 1000. Her tar du til høgre og går bortover stien som går bak butikken. I enden ligg eit fint våtmarksområde der ein kan oppleve ulike våtmarksfuglar. Her er laga til med små stiar og ulike utstillingar som fortel litt om t.d.  korleis ein arbeida i gamle dagar. Det er leikeplass og ulike apparat både på idrettsplassen og på skulen så her kan ein boltre seg heile dagen, eller du kan ta med ein fotball og sjå kven som er den beste målscoraren!

Korleis koma seg dit:
Frå Voss følger du E16 mot Oslo. Ta av i den tredje rundkøyringa, mot Nedkvitne og følg vegen forbi Coop Extra butikken. Ta neste til venstre, det er skilta mot «Idrettsplass».  
 

På tur langs melsvatnet
På sti i våtmarksområdet
utstilling av skiferdrift

 

Fjordparken

I Granvin er det laga til eit friområde heilt nede ved fjorden. Her er det både strand, leikeplass og eit grindbygg å søke ly i. Det er også laga ein veldig fin promenade. Ein kan gå oppover langs elva, over ei lita hengebru, og ned att på ein sti, gjennom ein liten skog. Her kan ein vera i mange timar så me vil anbefale å ta med litt niste.  

Korleis koma seg dit:
Følg RV13 mot Odda. Når du kjem ut på RV13 følger du denne i ca 20 min (25 km), heilt til du kjem til eit kryss med skilt mot Granvin. Køyr til du kjem til ein liten Coop butikk, som ligg på di høgre side. I neste kryss tar du av til høgre og følger vegen ned mot venstre. Køyr mot fjorden og til tilrettelagt parkering. 
 

På tur langs promenaden i granvin
Leikeplassen i granvin
Granvinsfjorden

 

Sledasteinen, Tverberg

Sledasteinen er ei stor steinblokk som ligg mellom Tverberg og Skjerve. Her forbi gjekk den gamle saltvegen til Raundalen, og folket på Tverberg brukte å setja frå seg sledane sine her. Delar av overflata er oversådd av innhogne figurar. Mykje tyder på at figurane på Sledasteinen kan daterast til tida ved overgangen mellom bronsealderen og jernalderen, kring 500 år f.Kr.

Kjelde: grind.no, https://www.grind.no/voss/voss/sledasteinen

Korleis koma seg dit:
Du kan køyre opp den nye vegen til Tverberg og koma nesten heilt til steinen, det kostar 100 kr i bompeng. Eventuelt kan du parkere på Bjørke og gå opp, det er også veldig fint å gå heile vegen opp til Tverberg. Du får da ein litt lengre tur, men blir også belønna med veldig fin utsikt på toppen. 
Frå Voss køyrer du RV13 mot Odda, i ca 7km. Ta av mot Bjørke og føl vegen heilt inn til skytebanen. 

sledasteinen
utsikt frå sledasteinen
Avstikkar og sti mot sledasteinen
sledasteinen på kartet

 

NB! Vis omsyn til fastbuande, særleg med tanke på kvar du parkerer og søppel. Ikkje blokker ein vegstubb eller parker framfor traktor/bilen til den lokale bonden. Spør om lov ved parkering i tun/på private områder.

Få og med deg desse: