Packrafting dagstur, med Kayak Voss
Bestill her
På denne aktiviteten vil du få vera med på ein eventyrleg tur ned den krystallklare, turkise elva Raundalselva, på Voss. Turen går i eit veldig vakkert landskap, og her får du utforske elva utover det du kanskje har sett på Instagram. Du vil også læra nødvendige teknikkar for å vera trygg på elva og for å kunne padle på eigen hand.
Turen startar med trening i ein roleg del av elva. Her vil me trene på å styre packraften, velte ut i vatnet og å komme seg opp igjen i packraften. Du vil bli komfortabel med å vera på elva og å bruke styrka og flyten for å padle lettare. Du vil altså læra alt du treng for å cruise nedover elva når turen startar.
Det vil vera ein erfaren instruktør med på heile turen, som passar på. Undervegs vert det også ein stop på ei avsidesliggande strand, kor de vil få servert lunsj frå lokale leverandørar og forfriskningar. Du vil også få høyre om naturen i Raundalen og fortellingar om historia til elva.
Vanskegrad: Enkel
Aldersgrense: Frå 10 år
Erfaring: Ingen tidlegare erfaring nødvendig
Krav: Alle deltakarar må vera symjedyktige og komfortable i vatn
Inkludert: Alt av utstyr, instruksjon og transport
Ta med: Badetøy og handkle
Oppmøtestad: Kayak Voss, Flyplassvegen 135
Tidspunkt:
Heil dag (ca. 6 timar): kl. 10.00
Pris:
Heil dag: 2500 kr
Om du har spørsmål eller treng informasjon er det berre å ta kontakt med Kayak Voss
Epost: [email protected]
Tlf: +47 46 29 79 37