Youtube video image

Ekstremsportveko 2025 – Dette bør du få med deg som publikum!

Ekstremsportveko på Voss er ein av verdas største og mest spektakulære ekstremsport festivalar. I juni 2025 er festivalen tilbake med full kraft, fylt med adrenalinfylte konkurransar, luftige show, musikk, fest og moro for publikum i alle aldrar.

I løpet av den sju dagar lange festivalen kan du oppleve alt frå fallskjermhopping og klatring til downhill-sykling og nye publikumsfavorittar som VM i Waterslide!

Her er våre beste tips til høgdepunkt du som publikum ikkje bør gå glipp av under Ekstremsportveko 2025.

opningsshow på veko. Publikum ser på fallskjermhoppar som går inn for landing.

Flere personer med akrobatisk show inne i vindtunellen, hos voss vind

publikum i båtar og flyteelement, under lokst utøve. I forgrunnen nokon som tar salto ut i vatnet.

Del 1

Vindtunnelshow hos VossVind, 21. juni kl. 19:00 Verdas beste vindtunnelflygarar viser triks og eleganse inne i vindtunnelen. Perfekt oppvarming til veka som kjem.
Åpningsshow, 22. juni kl. 17:00 Start veka med eit spektakulært show fylt med luftakrobatikk og spenning. Fallskjermhoppere, speedflyere og paraglidere fyller himmelen over Voss. Gratis inngang og moro for heile familien.
Vekocruise, 23. juni kl. 16:45 Kombiner spektakulær natur med musikk og show om bord på Vekocruise gjennom dei vakre norske fjordane. Eit perfekt avbrekk midt i festivalen.
Heliday BASE Hopping, 24. juni kl. 10:00 Eit spektakulært luftshow der modige BASE-hoppere kastar seg ut frå klipper etter helikoptertransport. Ta med deg campingstolen og nyt showet frå bakken.
Slip n’ Slide på Skydive Voss, 25. juni kl. 12:00 Fallskjermhoppere som sklir elegant (eller humoristisk) bortover vass-sklie etter landing. Underhaldande og unikt!
Lokst Utøve, 25. juni kl. 13:00 Kanskje festivalens mest ikoniske show. Sjå utøvarar konkurrere i spektakulære hopp og triks. Publikum kjem heilt tett på. Her er det stemning som må opplevast!
Deep Water Solo Finale, 25. juni kl. 17:00 Klatrarar konkurrerer utan tau over eit basseng – her er det kun styrke, balanse og mot som tel. Eit adrenalinfylt og visuelt imponerande show.

 

Del 2

Extreme Kayaking, 26. juni kl. 10:00 Opplev elvepadlarar ta seg gjennom utfordrande og ville stryk i elvane rundt Voss. Nært, spektakulært og fullt av action.
Eurotour Longboard Finale, 27. juni kl. 10:00 Sjå verdas beste longboardarar konkurrere i fart og teknikk. Action frå start til mål!
Prestegardslandet, 27. juni frå kl. 10.00 Ein publikumsdag i særklasse ute på Vangsen. Paraglidarar, speedflyere og fallskjermhoppere fyller himmelen over området. Ta med solkrem, stol og godt humør.
Veko Jam Finale, 27. juni kl. 17:30 Festivalstemning på sitt beste! Veko Jam er ein spektakulær freestyle-finale i telt fylt med snø. Eit av dei mest populære publikumsarrangementa.
Vossakrigar Finale, 28. juni kl. 12:00 Bli med å heia på tøffe deltakarar i hinderløypa rundt Voss. Her er det styrke, smidighet og vilje som avgjer.
VM i Waterslide, 28. juni, kl. 17:00 For første gong inviterer Ekstremsportveko til VM i Waterslide. Publikum kan glede seg til latter og spektakulære stunts på vass-sklie. Dette blir garantert ein ny publikumsfavoritt.
BMX Street/park, 28. juni, kl. 30:00 Opplev rå sykling og triks når BMX-miljøet inntar Voss Aktivitetspark. Norges einaste utandørs BMX-konkurranse i 2025 lovar stil, fart og publikumsvenleg stemning heile dagen.

 

Ekstremsportveko betyr mykje for Voss

Gry

Gry Bystøl, leiar i Visit Voss, har sjølv vore deltakar i konkurransar som rafting og elvekajakk under Veko, men er no fast publikum: Kvart år er Ekstremsportveko eit av dei største høgdepunkta på Voss. Festivalen løftar fram både bygda og naturen vår, og gir oss enorm merksemd internasjonalt. Eg gler meg kvar gong til stemninga, showa og dei unike opplevingane som er heilt spesielle for denne veka.

Festivalen samlar over 1200 utøvarar frå heile verda, og fleire av arrangementa gjev Voss internasjonal merksemd.

Ekstremsportveko 2025 byr på mange spennande programpostar - og som alltid, mykje moro for publikum.

Har du lyst til å prøve sjølv?
Ekstremsportveko er ikkje berre for eliten - festivalen har også mange aktivitetar du kan prøve sjølv! Anten du vil teste elvepadling, luftaktivitetar, stisykling eller kanskje gå ein fjelltur - sjå oversikt over aktivitetstilbodet her:
https://ekstremsportveko.com/activities/

Velkomen til Voss og Ekstremsportveko 2025!
 

Foto:
Erik Østlie
Ekstremsportveko