Rafting grad 4, med Voss Active
Bli med Voss Active ned dei verdskjente elvestryka på Voss. Dette er naturens eigen berg- og dalbane - garantert ei minnerik oppleving. Raftingguidane ved Voss Active er svært erfarne og godt kjent i elvene. Dei tar vare på dykk gjennom heile turen.
Om turen
Vasstanden avgjer om vi raftar i Strandaelva eller Raundalselva. Begge held topp internasjonal klasse, og vi garanterer ei fantastisk oppleving.
Strandaelva: Grad 3-4+, ca. 8 km. Ein klassikar! Dette er den mest vanlege turen vår, med ni spektakulære stryk og mange vakre seksjonar. Sidan elva har rolegare parti mellom dei store stryka, er graderinga relativt låg samanlikna med storleiken på stryka, og du får verkeleg valuta for pengane!
Raundalselva: Grad 3-4+, ca. 7 km. Vi nyttar denne elva når Strandaelva er for låg, vanlegvis i månadane august og september. Raundalselva går gjennom eit vakkert og isolert juv, vekke frå biltrafikk og anna sivilisasjon. Denne elva er krevjande og blir rekna for å vere ei av dei mest tekniske i Norge, men samstundes ei av dei vakraste!
Praktisk informasjon
Krav
15år i løpet av året
Normal fysisk helse
Må kunne symje
Ikkje påverka av rusmiddel
Viss du har astma, epilepsi, eller liknande, ring oss for informasjon
Varigheit
Ca. 3–4 timar totalt
Ca. 1,5–2 timar på elva
Inkludert
Alt utstyr
Forfriskingar
Ta med
Badetøy
Handkle
Ei langerma undertrøye i ull for kjølige dagar
NB! Denne booking blir sendt direkte til Voss Active. Om du har spørsmål eller ynskjer å gjera endringar må du ta kontakt direkte med Voss Active.
Tilleggsprodukter tilgjengelege ved bestilling:
Henting: Voss Stasjon - Voss Active
80kr per person
Frå Voss Stasjon
30 minutter før turen
Drop-Off: Voss Active - Voss Stasjon
80kr per person
Frå Rafting senteret
30 minutter etter turen
Boblebad
30 minutter
165kr per person
Rett etter raftingturen
Måltid
I vår restaurant etter turen
260kr per person
Vegetar Alternativer tilgjengeleg
Håndkle, leige
60kr per person
Hentast ved innsjekk