Flåm
Rallar Adventure
RallarAdventure ønskjer å dela opplevinga av dei norske fjella med gjestene våre. Me tilbyr guida turar med elsykkel og packraft i fjellområda mellom Finse og Flåm. Bli med på sykling, padling eller vandring langs Rallarvegen.
Me brenn for natur og berekraft, og difor trivst me så godt med å arbeida i dette området der det ikkje finst bilar, vegar eller forureining – berre natur. Området er berre tilgjengeleg med tog, og me ønskjer å fremja klimavenleg reising.

Rallarvegen er eit verna kulturminne og ein viktig del av den norske kulturarven. Han har fleire gongar blitt kåra til Noregs vakraste sykkeltur.
Dette er ei reise gjennom storslått natur, langs vakre fjellvatn og mellom høge fjell. Ruta ligg ved foten av nasjonalparkane Hallingskarvet og Hardangervidda.
Vegen er framleis bygd og vedlikehalden på ein måte som er tru mot den opphavlege stilen frå tidleg 1900-tal, og i dag kan alle beundra det imponerande arbeidet som vart lagt ned i murar og bruer.
Rallarvegen går parallelt med Bergensbanen og er stengd for biltrafikk. I dag fungerer han berre som tur- og sykkelveg.