Foto:
Voss Vind
kvinne som smiler og flyr i vindtunnelen med guide
Foto:
Voss Active
whitewater rafting, i store bølger og mye vann
Foto:
Jon Hunnalvatn Tøn
ungdom og mor på hinderløypen i vossabadet

Regnværsaktivitetar på Voss

- innandørs og utandørs

Regnar det på Voss? Her finn du dei beste aktivitetane for ein regnfull dag, både innandørs og utandørs. På Voss er det eit godt utval av innandørsaktivitetar for både barnefamiliar og vaksne, og nokre av dei beste utandørsopplevingane er faktisk endå betre når det regnar.

Bli med ut likevel

Sjølv om du er ute etter innandørsaktivitetar, er det verdt å vita at været på Voss ofte kjem i byger, sjølv på dei mest regnfulle dagane er det som regel vindu med opplett. Med rett utstyr og litt fleksibilitet er ein regnfull dag ofte ein fin dag å vera aktiv ute.

Voss er kjent for elvene sine, og på ein regnfull dag er elvene på sitt råaste og finaste. Familierafting på roleg vatn passar supert for born frå om lag 5 år og opp, medan packraft, kajakk og whitewater rafting er populære val for vaksne.

For barnefamiliar

Vossabadet og utebassenget

Vossabadet har begge både skli, og stupebrett. I Vossabadet sett dei også ut hinderløypa i helger og ferier - perfekt når det regnfulle vêret krev eit tak over hovudet. Utandørsbassenget er eit godt alternativ, både på fine dagar og på dagar med litt regn, bassenget held rundt 23 grader.

Voss Folkemuseum

barn på voss folkemuseum

Museet tilbyr aktivitetshefte som blir som ein skattejakt for dei minste, då dei skal finne ulike element i utstillinga. Mølstertunet er også ein spennande stad å utforska, der gamle gardsbygg fortel historia om korleis folk levde på Voss i gamle dagar.

Voss Vind vindtunnel

Alle over 5 år kan fly i vindtunnelen, og det er like morosamt å sjå på som å delta sjølv. Planlegg gjerne litt ekstra tid, det er lett å bli verande lenge.

Bowling, spel og leikeland

barn og voksne på duckpin bowling i Myrkdalen

I Voss sentrum finn du bowling og spel, og på Kamben Kafé og Spel i Myrkdalen er det både duckpin bowling, dart og shuffleboard - eit populært alternativ for familiar som vil ha ein roleg dag inne. Her finn du også fleire restaurantar med god mat.

Familierafting

Sjølv om det regnar, er elva open. Familierafting på roleg vatn er tilgjengeleg hjå fleire aktørar og passar godt for barn frå om lag 5 år. Ein vert uansett våt, så regnvêret spelar liten rolle.

For vaksne

Voss Vind - vindtunnel

Her er ingen erfaring nødvendig - alle kan fly! Det er faktisk ganske enkelt og fly, og i vindtunnelen vil du nok få ei kjensle av meistring veldig fort. DEt er ikkje så rart at dette er eit av dei mest populære aktivitetstilboda på Voss, uansett vær.

Packraft, kajakk og elveaktivitetar

Fleire aktørar tilbyr både halvdags- og heilagsopplegg på elva. På ein regnfull dag er vatnet kraftig og elvane på sitt beste. Sjekk ut Kayak Voss, Vått og Vilt og Outdoor Norway for packraft, elvepadling, kajakkturer og andre elveaktivitetar. I dei nevnte aktivitetane har du ein eigen raft/kajakk og lærar deg å padle elva på eigen hand. Vil du ha ein litt meir tilbakelent opplevelse kan du besøka Voss Active eller Outdoor Norway for å bli med på whitewater rafting. Her får du like mykje action, men sitt i ein større raft med fleire personar og ein guide. 

Badstove og bading

bading ved voss vandrarheim

vedfyrt sauna ved voss vandrarheim

Ved Vangsvatnet finn du tre badstover, ved Voss utebasseng, Voss Vandrarheim og Wild Sauna Voss (ved Park Hotell Vossevangen). Du kan også ta ein litt lengre tur til Bakka/Nærøyfjorden, her er det også ei badstove med flott utsikt over fjorden. Kombinasjonen av varm badstove og kaldt vatn er ekstra god når det regnar ute.

Lokal mat- og drikkekultur

Voss har ei sterk matkultur med for eksempel lokalt handtverksbakst, spekemat og brygg, som er tilgjengeleg på fleire restaurantar og kaféar. Du kan òg handla lokalmat på utvalde butikkar som MatAuk eller på gardsutsalg på ulike gardar. Sjå "Mat og drikke på Voss" for meir detaljar.

Kveikøl er brygga på Voss med ein gjærkultur som mest sannsynleg er på veg inn på UNESCO si verdsarvliste, eit godt argument for å besøka ein av dei lokale bryggeria eller restaurantane. For vinentusiastar har Park Hotel Vossevangen ein av Nord-Europas mest prislønte vinkjellarar.

Fossefalla etter regn

skjervsfossen i regn

Tvindefossen og Skjervsfossen er spektakulære til vanleg, etter eit godt regnver er dei på sitt aller mektigaste. Begge fossane ligg like utanfor Voss sentrum. Ved Skjervsfossen kan du også gå frå toppen til botn og lesa om korleis landskapet spelte ei rolle i andre verdskrig, samt besøka det unike toalettet på toppen.

Bordalsgjelet er eit naturleg juv, forma etter istida. Det tek kun nokre minutt å køyra frå sentrum, eventuelt er det ein fin spasertur på om lag 45 min (kvar veg), som er vel verdt eit besøk. Obs: Her kan det bli litt gjørmete og slepit så bruk gode sko.

Utforsk regionen

Har du bil eller vil ta buss, ligg Ulvik og Flåm begge innanfor rimeleg avstand. Her kan du bli med på RIB-tur på fjorden. Dette er morro i all slags vær, og du har gode og varme drakter som beskytter godt mot både temperatur og nedbør. 

Bonus:

Bergslitreet i Prestegardsmoen

Bergslitreet

Er du på Voss ein søndag bør du stikka innom Bergslitreet. Her er det ope utstilling og kafé kvar søndag, med lokale kunstnarar og eit roleg og hyggeleg miljø like utanfor sentrum.

​Kafétips

Ein varm kopp kaffi eller kakao høyrer med på ein regntung dag. Besøk gjerne ein av dei lokale kaféane:

<% totalFilter %> filter applicerade