CBIS 6325239
Vis hele bildet
Evanger

Rongahuset BnB

Overnatting hjå ein familie i eit gamalt hus med sjarm, i Evanger sentrum.

Du kan velja mellom å sova på privat rom eller i sovesal, og du har tilgang til heile det sjarmerande huset i den koselege lille bygda Evanger som ligg kring 15 minutt med tog eller bil frå Voss. Du kan bestilla rom heilt framt til same dag, men bestill helst tidleg om du kan. Huset er ikkje luksuriøst, men har ein komfortabel og rustikk stil.

Klikk her for å bestilla rom!

Frå Evanger det lett å reisa med tog, buss eller bil til Voss, Flåm eller Bergen. Evanger er ei fredeleg lita bygd, med buss- og togstopp i berre nokre minutts gangavstand frå huset. Om du har med deg bil, er det gratis parkering i nærleiken av huset.

I huset bur du i lag med ein britisk-norsk familie med fleire born. Som gjest deler du fellesområde som kjøkken og stove med familien. Huset har gratis Wi-Fi. Frukost er inkludert, og du kan få middag til 120 kroner per person. Me serverer som regel vegetarmat eller fisk. På sovesalen er det også eit lite kjøkken, der du kan laga te, kaffi eller enkle rettar. For middagslaging, er det best å bruka hovudkjøkkenet. Huset har mikrobølgeovn, og TV i familiestova. Elles har huset fleire instrument, og mange bøker du kan låna.

Om Evanger:
Evanger er ei lita bygd som ligg 15-20 minutt frå Voss med tog eller bil, og ei lita time med tog eller bil frå Bergen. Bygda har eit verna og vakkert sentrumsområde, som ligg like ved ein innsjø og med fjell på begge kantar. Kafé og landhandleri i sentrum.

Bestill her

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • TV
  • Barnevennleg
  • Nært naturen
  • I nærleiken av fjell
  • Utandørs parkering (gratis)
  • Ved innsjø
  • Gratis Wi-Fi

Map