Sårbar natur og dyra

Sårbar natur

Voss er ein naturkommune, og både innbyggjarar og tilreisande har eit ansvar for å ta vare på naturen kring oss. I 2025 vedtok Voss herad ny temaplan for naturmangfald om du er nysgjerring på Vossanaturen og korleis me saman skal ta betre vare på han i framtida. 

Villreinvettreglar

Villreinen er spesielt sky for menneskeleg aktivitet, og held seg unna større inngrep som hytter og vegar, men blir også sterkt påverka av mindre tiltak som stiar, skiløyper, kraftliner og generell menneskeleg ferdsel.

Nokre områder rundt Voss har villrein og tamrein. Reinen er sårbar for menneskeleg aktivitet. Trekk unna om du ser rein, og vel ein annan tur om du høyrer om rein i området.

Jordalen er ein av dei plassane der vi har utfordringar med at skikøyrarar skremmer villreinen vekk frå dei beste beiteområda i fjellet på seinvinter og vår, vis difor særskild omsyn til villreinen på ski i dette området.

Vis omsyn til den sårbare reinsdyrstamma som held til på Oksenhalvøya. Ser du reinsdyr, sit i ro til dei trekkjer vekk, slik at du ikkje uroar dei.

Sjå Norsk Villreinsenter sine "Villreinvettregler" her.

Plakat villreinvettreglame

Bandtvang

Mange firbeinte gjester kjem til Voss, i sommarhalvåret. Hugs bandet når du pakkar til ferieturen.

Frå 1. april til 20. august er det ordinær bandtvang i heile landet, i Voss herad gjeld bandtvang til 30.september. Bandtvang er viktig for å ta omsyn til husdyr, vilt i yngletida og andre turgåarar. I år set Politi og Statsforvaltar særleg fokus på informasjon for å sikre at bandtvang vert oppfatta og følgd.

På Voss har me mange beitedyr i utmarka, og god dyrevelferd er avgjerande for ei berekraftig beitenæring. Voss herad oppmodar difor alle til å respektere bandtvangen og vise omsyn i naturen.

Les meir på Voss herad sine sider.

Infoplakat frå politiet om bandtvang

Respekter bønder og beitedyr

På Voss beitar både sau, geit og storfe og bidreg til eit levande kulturlandskap og mat, til deg og meg. Hugs å ta omsyn når du ferdast på beiteområda. Parker slik at bonden kjem fram med anleggsmaskin, og hugs å lukke grinda etter deg.