Sivle gard er ein gamal, verneverdig gard som ligg på Stalheim. Garden vert drive økologisk, og i gamlastovo vert det servert tradisjonsmat med råvarer frå eigen gard.
Kulturformidling om garden og Per Sivle, guiding i nærmiljøet og til den tidlegare husmannsplassen Naole (Nåli). Klyvjing med hest, servering i Naole. Overnatting i nyrestaurert Kårastova på garden.
Tek imot store og små grupper på førehandstinging.