Skiutleige Voss Resort
I Norges beste skiterreng treng du godt skiutstyr. Dersom du ikkje har eigne ski, eller berre ynskjer å prøva noko nytt, har Voss Resort Skiutleige eit stort utval til utleige. Her finn du mellom anna snowboard, splitboard, alpinski, langrennski, topptur utstyr, hjelmar, stavar og støvlar. Me har godt utval av storleikar på skistøvlane, også for dei minste. I skiutleiga får du og kjøpt tilbehør som hanskar og briller.
Me har to skiutleiger i Voss Resort: ein ved billettkontoret i Bavallen og ein på Hangurstoppen.
Grupper over 8 personar bes ta kontakt med skiutleiga på førehand for bestilling av utstyr.
Telefon: + 47 4700 4700
E-post: [email protected]
Prisar:
Komplett skiutstyr, inkluderar ski, stavar, sko og hjelm.
Barn 0-6år frå kr: 250,-
Ungdom7- 17år frå kr: 375,-
Voksen frå kr: 425,-
Sjå på nettsida for meir priser.