CBIS 6315193
CBIS 6315192
CBIS 6315194
Vis hele bildet
Skulestadmo

Smalahovetunet

Smalahovetunet produce and serve the local traditional dish "sheeps head" all year round!

Smalahovetunet på Voss er ei familiebedrift på garden Løne på Voss, som produserer og serverer den tradisjonsrike retten frå Voss heile året. Smalahovetunet er den einaste smalahoveprodusenten i landet, og i tillegg til smalahove vert det også laga pinnekjøt, rullepølse, korv og mange andre tradisjonsrike kjøtprodukt.

Varene får du kjøpt i gardsbutikken og på nettsida til Smalahovetunet. Butikken er open heile året, når det er folk på garden. Her er det berre å stikka innom!

Smalahovetunet har også flotte lokale som gjev den perfekte ramma for festlege lag som konfirmasjon, bryllaup, slektstreff og firmafest. I Stabburet frå 1700-talet, Grindabygget eller "Laoen" kan ein få servert smalahove, pinnakjøt, rjomegraut, spekemat, flatbrød og alt som høyrer til. Det er også mogleg å få omvisning på smalahovefabrikken der den daglege produksjonen pågår.

For bestilling av servering og omvisning, send e-post til [email protected]

For meir informasjon, besøk nettsida til smalahovetunet her!

Kontaktinformasjon

Anledninger

  • 14 December
  • 15 December
  • 16 December
  • 17 December
  • 18 December
  • 19 December
  • 20 December
  • 21 December

Map