Standard Extra Tour, Norway Active, Voss
Ruta: Voss - Myrdal - Flåm - Gudvangen - Voss
Via: Bergensbana - Fottur - Sykkeltur - Kajakk
Turen startar med tog frå Voss til Myrdal, 866moh. Herifrå går du ned den bratte, men godt tilrettelagde vegen mot Kårdal, med utsikt over fjell, dalar og dramatisk vestlandsnatur. Har du utfordringar med kne, hofter eller ønskjer ein rolegare start, kan du etter avtale ta Flåmsbana i staden.
Frå Kårdal ventar ein frisk sykkeltur ned Flåmsdalen. Du syklar forbi fossar, fjellgardar og bratte fjellsider før du kjem ned til Flåm ved Aurlandsfjorden. Etter ein kort transport til Gudvangen held eventyret fram på vatnet, med kajakkpadling i det UNESCO-verna fjordlandskapet i Nærøyfjorden.
Frå kajakken kjem du tett på naturen, med fjellet rett opp frå fjorden og roleg vatn under deg. Undervegs blir det stopp ved ein strandcamp, der det vert servert eit varmt måltid ute i det fri.
Dagen blir avslutta med skyss gjennom vakre Nærøydalen tilbake til Voss.
Dette er turen for deg som ønskjer ein aktiv dag med store naturopplevingar, variasjon og ekte vestlandsk eventyrkjensle.
Passar for:
Aktive vaksne, par, venegjengar og familiar med ungdom som ønskjer ein lang og variert dag ute.
Turen inkluderer:
Tog, vandring eller Flåmsbana etter avtale, sykkel og hjelm, transport til Gudvangen, guida kajakktur, varmt måltid ved strandcamp og returtransport til Voss.
Sesong:
Mai–september. Turen må bookast på førehand.