Voss

Standard Tour, Norway Active, Voss

Den perfekte rundturen for deg som ønskjer å oppleva både fjord, fjell og aktivitet på éin dag. Denne turen kombinerer spektakulære togreiser, sykling gjennom Flåmsdalen og fjordsafari på UNESCO-verna Nærøyfjorden.

Ruta: Voss - Myrdalen - Flåm - Gudvangen - Voss
Via: Bergensbana + Fjelltur + Sykkeltur + Fjord Safari

Frå Voss reiser du med Bergensbana til Myrdal, før du går til Kårdal og deretter byttar til syklar, ned den vakre Flåmsdalen til Flåm. Undervegs passerer du fossar, bratte fjellsider og dramatisk vestlandsnatur. Frå Flåm blir du med på ein guida RIB-safari gjennom Nærøyfjorden, omgitt av stupbratte fjell, små bygder og fossefall.

Fotturen Myrdal til Kårdal går på ein bratt, men godt tilrettelagd veg, og kan vere krevjande for dei med kne eller hofteproblem. Ønskjer du ein rolegare start på turen, anbefalar me Basic Tour, der denne delen blir gjennomført med tog.

Frå Kårdal går turen vidare på sykkel gjennom den dramatiske Flåmsdalen til Flåm, forbi fossar, fjellgardar og bratte dalsider. Vel framme i Flåm blir du med på ein guida fjordsafari med RIB-båt gjennom UNESCO-verna Nærøyfjorden.

Turen blir avslutta med buss gjennom vakre Nærøydalen tilbake til Voss.

Turen inkluderer:
Bergensbana
Vandring frå Myrdal til Kårdal
Sykkel og hjelm
Sykkeltur gjennom Flåmsdalen
Fjordsafari på Nærøyfjorden
Buss gjennom Nærøydalen

Turen passar for aktive reisande, par, venegjengar og familiar med ungdom som ønskjer ei variert oppleving med både aktivitet og ikonisk vestlandsnatur.

Turen går dagleg i sesong og må bookast på førehand.

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Sommer
  • Vår
  • Høst

Map