cbis:1839162
cbis:1839162
cbis:1839162
cbis:1839162
cbis:1839162
cbis:1839162
cbis:1839162
cbis:1839162
Skulestadmo

Staupstunet

Eit restaurert gardstun frå 1700 og 1800-talet på Løno på Voss.

Overnatting i koselege omgjevnader og i eit særprega miljø!

For bestilling - kontakt Staupstunet på [email protected] eller på +47 91103016.

Rekkjetunet frå 1700 og 1800-talet vart restaurert i 2012 og 2013. Du kan leiga to hus - Stovehuset med årestova eller Kårahuset.

Om Stovehuset med årestova:
Huset er frå kring 1850 med årestova som vart bygd noko tidlegare. Restaurert med påbygg av bad og kjøkken i 2013. Tømmervegger i alle rom og ein lun og sjarmerande stil. To etasjar, to soverom, totalt 10 sengeplassar, bad med WC, dusj og vaskemaskin.
Soverom 1: Dobbeltseng (150x200 cm)
Soverom 2: To familekøyesenger (90x200 cm + 150 x 200 cm) og to enkeltsenger (90x200 cm)
Prisar: Minstepris for huset er 1200,- per døgn. Fleire enn 4 personar - tillegg på kr 300 per person per døgn. Ved og straum er inkudert, men sengetøy og handklede må takast med. Utvask kr 900,-.

Om Kårahuset:
Kårahuset er frå år 1900 og vart restaurert i 2012. Tømmerveggane er bevart i delar av huset, elles består huset av måla panel som gjev ein lun og koseleg atmosfære.
Huset har 8 sengeplassar fordelt på to etasjar. Bad med dusj og WC, kjøkken med komfyr, kjøleskåp med frys, oppvaskmaskin og kaffitraktar. Stove med TV og vedomn. Vaskerom med vaskemaskin.
Soverom 1: To familiekøyesenger (90x200 cm + 150x200 cm / 180x200 cm)
Soverom 2: Ein dobbeltseng (150x200 cm)
Entré i 1. etg: Ei enkeltseng (90x200 cm)
Prisar: Minstepris for huset er 1200,- per døgn. Fleire enn 4 personar - tillegg på 300 per person per døgn. Ved og straum er inkludert, men sengetøy og handklede må takast med. Utvask kr 800,-.

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • TV
  • Nært naturen
  • Vandrestiar
  • I nærleiken av fjell
  • På landsbygda
  • Naturområde
  • Utandørs parkering (gratis)
  • Landleg område
  • Babyseng tilgjengeleg

Map