Me søkjer turistvert

visit voss team

Om oss

Visit Voss utviklar og marknadsførar Voss som reisemål, og driv turistinformasjonen. Me søkjer ein medarbeidar til ei fast deltidsstilling i Voss turistinformasjon med vaktar i kvardag, helg og feriar, både på dagtid og kveld. Stillingsprosent kan justerast etter ynskje. 

Arbeidsoppgåvene

Arbeidsoppgåvene er i hovudsak sal av aktivitetar, rundturar og andre opplevingar, og å formidle informasjon om regionen. Som tilsett i turistinformasjonen er ditt hovudansvar å bidra til at alle som kjem innom får den hjelpa dei treng gjennom god kommunikasjon og formidling av kunnskap. Voss er eit av dei viktigaste knutepunkta i Noreg med natur, kultur og kortreiste matopplevelsar av ypparste klasse – og her er di oppgåve å vera det beste andletet ut mot både lokale og internasjonale gjester. I tillegg til å betena turistinformasjonen vil det vera moglegheit for anna arbeid innanfor Hardanger og Voss Næringshage. 

Me søkjer deg som: 

  • Likar å arbeida strukturert og ha det ryddig omkring deg
  • Likar å snakka med gjestar frå heile verda 
  • Har god formidlingsevne, både skriftleg og munnleg  
  • Taklar eit tidvis hektisk arbeidsmiljø
  • Kan engelsk og norsk flytande, og med fordel endå fleire språk 
  • Er trygg på kva me sel av aktivitetar, produkt og opplevingar 
  • Inspirerer gjestar til å ta gode berekraftige val av transport, overnatting og matopplevingar når dei besøker Voss
  • Bidreg til eit triveleg og sosialt arbeidsmiljø, godt humør smittar! 
  • Evnar å sjå styrker og svakheiter hos deg sjølv og dine kollegaer, slik at me kan spela kvarandre gode

Hjå oss får du:

  • Ein viktig stilling i organisasjonen, med inspirerande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode helse- og personforsikringar
  • Konkurransedyktige vilkår som mellom anna pensjonsordning og bedriftshelseteneste
  • Utvida det lokale og regionale nettverket ditt innan reiselivet og næringslivet
  • Oppleva alt reiselivet på Voss har å by på! 

Ta gjerne kontakt med leiar for turistinformasjonen, Amanda Hauso Sandven, om du har spørsmål eller ynskjer meir informasjon. Tlf: 948 91 145
Skriftleg søknad og CV kan sendast til [email protected] snarast