cbis:1958007
cbis:1958007
cbis:1958007
cbis:1958007
Voss

Topptur på ski med guide - Wild Voss

Vil du oppleve gleda ved å sette førstesporet ned frå toppen av eit fjell eller i leikent skogterreng? Har du skaffa deg toppturutstyr og er klar for å utforske nye områder? Med ein kompetent og lokalkjend guide frå Wild Voss sikrar du deg ein snarveg til den beste snøen i Vossafjella.

Turplan:
Været, snøtilhøva og gruppas føresetnader avgjer kva planen blir på den einskilde turdagen. Guiden din veit kvar sjansane er størst for å at di gruppe skal få ei god oppleving med trygg og flott skikøyring. Planen legg vi i lag, men guiden vil alltid ha førebudd nokre gode forslag.

Kvifor bli med på ein guida topptur?
Rundt Voss er det mange flotte fjellsider i alle himmelretningar. Mange av dei byr på herleg og trygg skikøyring - sjølv når det er utfordrande skredtilhøve. Ikkje for bratt, men heller ikkje for flatt! Vi veit kvar det er lurt å leite etter den gode snjoen.

Våre guidar førebur turen grundig og har med seg naudsynt tryggleiksutstyr. Guidens erfaring frå tidlegare turar i området gjer at han unngår farlege terrengformar, skjønar gruppa sine behov og treff tiltak som sikrar effektiv forflytning. I tillegg kan du lære mykje om trygg ferdsel i vinterfjellet av å ta del i turhandverket og nyte godt av kunnskapen som guiden har tileigna seg gjennom mange år på turar i ulike område.

Sesong:
Frå snøen legg seg i desember til slutten av mai.

Fysiske føresetnader:
Er du frisk og har normal turform kan du bli med oss på topptur. Du treng ikkje å være erfaren skikøyrar eller godt trent for å ha glede av å bli med oss på tur. Det avgjerande er at vi i lag blir einige om ein turplan som passar for ditt nivå.

Turens lengde kan variere frå nokre få kilometer med lite stigning til turar på 6-8 timar med mykje opp og ned.

​Naudsynt utstyr:
Toppturski, solide fjellski eller splitboard med feller. Vind- og vasstett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Vi anbefalar å bruke hjelm. Hugs skibriller og/eller solbriller, solkrem, lunsjmat og drikke. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad.

Skiutstyr kan leigast hos Voss Resort, eller i Myrkdalen.

Oppmøte:
Avtalt plass på Voss.

Prisar og vilkår:
Ordinær pris er 2250 kr per person, og 3500 kr for ei gruppe pluss kr 500,- pr person. Nedre aldersgrense er 13 år. Maksimal gruppestorleik er 6 personar per guide. Store grupper oppmodast om å ta kontakt med oss per telefon eller epost for å avtale opplegg og pris.

Prisen inkluderer alle guiden sine førebuingar, våre reisekostnader, alt naudsynt tryggleiksutstyr, leige av skredutstyr og kvalifisert guide på tur i 6-9 timar.

Ikkje inkludert i prisen:
Personleg ulykkesforsikring/reiseforsikring (teiknast av den einskilde deltakar på førehand).

Spørsmål om føre, forhold eller anna?
Vi svarar deg gjerne om du vil ha tips til flotte skiturar eller råd om kvar du finn den beste snøen. Hos oss er gode råd gratis! Kontakt gjerne Øystein på telefon +47 93484041 eller send ein e-post til [email protected]

Kontaktinformasjon

Map