Toppturhelg, Elva Hotell, Voss
På guida topptur får du oppleva vill vestlandsnatur, herleg skikøyring og samlar nyttig kunnskap om toppturar og skredvurderingar. Det vert turar både for nybyrjaren og den meir turerfarne.
Høgdepunkt:
Kombiner unik hotelloppleving, god mat og tre herlege dagar på ski med lokalkjende guidar frå Wild Voss
Wild Voss set saman ein tredagars turmeny som gjev deg smakebitar av Voss sitt beste skiterreng
Vêr, forhold og deltakarane sine ynskjer og føresetnadar legg rammene for kvar topptur
Bli med på toppturar i små grupper av glade skifolk. Me deler inn i grupper på 2-6 deltakarar per guide. Slik får du sikra tett oppfylging, sikre rammer og god stemning
Voss er omringa av fjell og dalar med mykje snø og flott skiterreng. I løpet av denne langhelga får du gleda av å vere med på nokre av våre favoritturar saman med likesinna
Kven passar toppturhelga for?:
Toppturhelga er ein samlingsplass for toppturinteresserte som likar å kombinere fjellturar, hygge og velvære. Det vert gjennomført turar tilpassa ulike nivå, så du treng ikkje vere supersprek.
Du veit korleis du kler deg for skiturar i høgfjellet på vinterstid. Du må kunne ta deg fram på ski under vekslande vêr- og snøforhold med lett sekk på ryggen, både opp og ned.
Les meir om toppturhelg på elva.no