cbis:2687284
cbis:2687284
cbis:2687284
Voss

Toppturhelg med Elva Hotel og Wild Voss

Elva Hotell og Wild Voss inviterer til toppturhelg på Voss med guida toppturar og ei unik hotelloppleving. Kompetente og lokalkjente skredinstruktørar frå Wild Voss arrangerer guida toppturar i vakker fjell- og fjordnatur kvar dag. Etter turen nyt du lekker mat, varm badstove og velvære på det koselege, nye designhotellet ved elvebredda.

Datoar i 2025:
Tors 30. Jan - Søn 2. Feb
Tors 20. Feb - Søn 23. Feb
Tors 13. Mars - Søn 16. Mars

Me set saman ein tredagars turmeny som gir deg smakebitar av Voss' beste skiterreng. Ver, forhold og ønska og føresetnadene til deltakarane legg rammene for kvar topptur.

Bli med på toppturar i små grupper av glade skifolk. Me deler inn i nivådelte grupper på 2-6 deltakarar per guide. Dermed er du sikra tett oppfølging, sikre rammer og god stemning.

Det rike utvalet av flott og lett tilgjengeleg skiterreng gjer at me kan garantera deg tre herlege dagar på ski.

Tre kompetente og lokalkjente guidar frå Wild Voss står klare til å gi deg snarvegen til flotte og tryggja skiopplevingar.

Voss er omringa av fjell og daler med mykje snø og flott skiterreng. I løpet av denne langhelga får du gleda av å vera med på nokre av våre favoritturar saman med likesinna.

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Vinter
  • Vår

Map