Tour of Norway - Voss

Verdseliten i sykling samlast på naturskjønne Voss

Bli med oss den 23. mai når Voss er vert for den spennande opningsetappen av sykkelrittet.

Forvent ein dag fylt med dramatikk og sykkelglede, der ryttarar vil takla krevjande spurtar og stigningar gjennom det naturskjønne landskapet vårt. Det blir eit spektakulært syn for alle sykkelentusiastar.

Opningsetappen med både start og målgang i Voss, kjem til å by på ein heseblesande start for ryttarane!I Ulvik, etter 67 kilometer, kjem den første innlagde spurten i år der det skal kjempast om bonussekund og spurtpoeng. Like etter ventar den første kategoriserte stigninga opp Espedalen til Drevtjørn, 8,7 kilometer med i underkant av 4% i snittstigning. 

Ryttarane får ikkje mykje kvile før Skjervet står for tur med dei 3,4 kilometrane sine og 5,4% stigning i snitt. Ei bakke som det norske skøytetalentet Sigurd Henriksen har raskaste tid opp då han i 2023 vann turrittet Bergen-Voss. Det blir spennande å sjå om den tida framleis står etter at Tour of Norway har passert i år! Etter Skjervet skal ryttarane gjennom eit kupert terreng inn mot den avsluttande bakken opp til Voss Resort/Bavallen. 

 
Program

På Torget

Start program fra scene: Speaker fra - 13.00

Lagpresentasjon starte - 13.05

Starten går frå Torget på Voss - 14.20

Speker informer om hva som skjer videre til - 14.30

Storskjermen starter live sending - 15.30

Målgang Bavallen

Ein stad mellom 17:30 og 18:15

 
Trafikkinformasjon

Under rittet vil fleire vegar vera stengde for å sikra ei trygg gjennomføring. Sjekk kva område dette påverkar, og planlegg reisa di etter det. Les meir her.

 

Lagene 2024

Tour of Norway 2024 vil sjå deltaking frå nokre av dei største internasjonale sykkellaga, inkludert topp WorldTeams som INEOS Grenadiers og BORA-hansgrohe. Proteams og Continental lag vil også konkurrera, noko som gir eit mangfaldig felt av elite syklistar. Dette gir publikum eit sjeldan høve til å sjå verdsklasse ryttarar og strategisk lagarbeid på nært hald. Sjå alle laga her.

Tour of Norway, Voss

 

Tour of Norway, Voss

 

Tour of Norway, Voss

 

Løypekart

Den første etappen av Tour of Norway 2024 startar og sluttar på Voss, og går gjennom ei naturskjønn og utfordrande løype med ei blanding av stigningar og spurtar, som er eigna til å visa fram både klatrarar og spurtarar. Heile løypa er designa for å gi både spektakulære utsikter og intens løpsdynamikk, noko som gjer det til eit spennande syn for alle sykkelfans.

 

Tour of Norway, Voss til Voss Resort

 

 

 

 

 

 

Tour of Norway, Voss til Voss Resort Løypeprofil