Transport

 Frå vinteren 2026 vil fleire transport tilbod bli tilgjengeleg som gjer det lettare å reise med offentleg transport på Voss. Tilboda knyt tog og sentrum saman med hotell og hytter, skianlegg og nærliggande destinasjonar som Myrkdalen.

Me håpar du vil nytta deg av tilboda og vera med på å redusera behovet for privatbilar. Målet er mindre utslepp, meir smidig logistikk, forbetra gjesteoppleving og større fleksibilitet for fleirdagars opphald.

Les om tiltaka her:

Myrkdalen

hytter i Myrkdalen med mykje snø, både på tak og og tun. I bakgrunnen ser ein fjella som tyder på at skibakken ikkje er langt unna.

Skal du til eller frå Myrkdalen, sjå her! Her finn du blant anna tilbod som tek deg til/frå næraste daglegvare, til tog og info om skibussen.

Tråstølen/Bavallen

hyttetun i bavallen, voss resort, i forgrunnen. I bakgrunnen ser ein nokre av hyttene i tråstølen. Alle er dekt av snø og og det er godt med snø rundt i anlegget.

Kollektivt til Bavallen/Tråstølen? Med ekstra bussar fleire dagar i veka er det ingen problem. 
Sjå ulike tilbod her.

Voss ski- og tursenter

foto av ei kvinne på ski, som nyter utsikter over dei snøkledde fjella på voss. Utsikten er frå Voss ski og tursenter.

Skibuss til Voss ski- og tursenter startar 14. februar. 

Bussen går frå kulturhuset kl 10:00, 12:30 og 14:00. Sjå rutetider her. 

Voss Stasjon

Skibussane går frå busslomma foran Voss Kulturhus

map of voss station, with the ski buses marked with a red circle next to voss culture center