UNESCO Stalheim - Nåli, Wild Voss
Guiden deler historier om livet langs fjorden, stølsdrift og kulturminne, og du får oppleva eit område som er både naturskjønt og historisk rikt. Dette er ein moderat krevjande dagstur, der du går på sti med nokre bratte parti.
Turdetaljar:
Distanse: ca. 5 km
Stigning: ca. 250 høgdemeter
Tid på tur frå bil til bil: ca. 3 timar
Vanskegrad: Blå – lett til middels
Kort parti i ulendt terreng med hjelpegelender
Passar for: Frå 6 år og oppover
Varigheit: Ca. 6 timar inkl. transport frå og til Voss
Pris:
Vaksen: kr 3 190,-
Born (8–14 år): kr 1 990,-
Minstepris per tur: kr 6 380,-
Privat gruppe/familie: kr 9 570,-
Inkludert: Lokal guide, biltransport til og frå Stalheim, lett måltid av lokalprodusert mat, varm drikke og alt nødvendig sikkerheitsutstyr. Ekstra klede, sko og vandrestavar kan lånast kostnadsfritt.
Meir informasjon om turen finn du i bookinglenka.