Voss Active

Utforsk ekstremsportbygda med den største leverandøren av opplevelser. Voss Active driv både raftingsenter med eigen restaurant og utandørs boblebad og ein klatre- og ziplinepark. I tillegg er dei lommekjent i elvene rundt Voss og tilbyr unike produkt som juvving og fosserappellering. Raftingguidane held topp klasse og er som regel aktive padlare frå heile verda. 

 

voss active rafting

Rafting Grad 2

Rafting Grad 2 er perfekt for familiar eller dei som ynskjer ei litt rolegare rafting oppleving. 

Ein får prøve både store, stødige båtar som tek opp til åtte deltakarar, og små to-mannsraftar (duckies) for dei som vil ha ei større utfordring. Vi lovar mykje bading, leik og moro for alle!

Praktisk informasjon

Krav
5år i løpet av året
Normal fysisk helse
Treng ikkje kunne symje, men må vere komfortabel med vatn!
Ikkje påverka av rusmiddel
Viss du har astma, epilepsi, diabetes eller liknande, ring oss for informasjon.

Varigheit
Ca. 3 timar totalt
Ca. 1–1,5 time på elva

Inkludert
Alt av utstyr
Forfriskingar

Ta med
Badetøy
Handkle
Langerma undertrøye i ull dersom det er kjølig vêr

Bestill her