cbis:2069909
cbis:2069909
cbis:2069909

Voss Cup

Voss Cup vart første gang arrangert i 1991. Det starta som ei rein grasbaneturnering og det deltok 93 lag det første året.

Voss Cup har sidan auka jamnt og trutt og er i dag den største barneturneringa i Norge. Det deltek rundt 700 lag med ca. 7.000 deltakarar i form av spelarar, trenarar og lagleiarar. I tillegg kjem det mange andre tilreisande (foreldre, besteforeldre osv.). Det betyr at folketallet på Voss vert dobla denne helga!

Det vert spelt kampar frå fredag ettermiddag til sundag ettermiddag på over 30 baner, og det vert gjennomført rundt 1.400 kampar i løpet av denne helga!

Voss Cup er ei unik oppleving for alle både spelarar, trenarar og alle rundt laget. Alle kampane vert spelt på gras og kunstgras i sentrum, med gangavstand til alt. Ein kompaktcup, der ein skaper minner for livet!

I tillegg får alle deltakarar på Voss eit unik aktivitetskort, slik at ein kan kome tilbake å nyte andre tilbod i Vossabygda.

Me i Fotballklubben Voss er stolt arrangør av denne festhelga for barnefotballen!

Me ynskjer alle hjarteleg velkomne til Voss og Voss Cup!

Viktige datoar:
01.11 – påmelding opnar.
24.12 – frist for early-bird tilbod.
17.05 – påmeldingsfrist.
10-12. juni 2022 – Voss Cup!

Kontaktinformasjon

Anledninger

  • 14 Jun 2024 - 16 Jun 2024

Produktegenskaper

  • Sommer