VOSS - Din neste filmlokasjon

Leitar du etter ein lokasjon til din neste film eller serieproduksjon? Då bør du ta ein nærmare kikk på ekstremsportbygda Voss! 

Utforsk Voss, ein ideell stad for filmskaparar på jakt etter variert landskap og unike omgivnader i Norge. Med fjell, fjordar og urbane og rurale områder tilbyr Voss ei rekkje kulissar som eignar seg for alle filmar- eller TV-produksjonar

Voss er plassert omtrent midt i Vestland fylke, og har ei sentral plassering som gjer kort og praktisk tilgang til nydeleg natur, kjente turmål, fantastiske fjordar og fantastiske lokale områder. Dette gjer Voss til ein ideell stad for produksjonar som ønskjer å fanga dei ikoniske norske landskapa. Voss ligg ein times cirka 100 kilometer aust for Bergen, noko som gjer den lett tilgjengeleg med ein køyretur på ca. 1,5 tima langs E16. I aust ligg Oslo ca. 380 kilometer unna, noko som svarer til ein køyretur på ca. 5 timar via E16 og RV7. Den sentrale plasseringa mellom Noregs største by, Oslo, og Noregs nest største by, Bergen, gjer Voss til ein praktisk stad for både lokale og internasjonale filmteam.

Segmentert lokasjon

Fjell

Ingebjørgfjellet Voss Hardanger Norge

 

Fjord

Breidskrednosi Fjord Norway

 

Elv

Elv Voss Norge

 

Urban

Voss Sentrum Vangen Norge

 

Rural

Rong Voss Norge

 

Kultur

Mølstertunet Voss Norge

 

Voss året rundt

Kombinasjonen av nydeleg natur og eit breitt spekter av aktivitetar gjer Voss til ein attraktiv stad for filming og produksjon gjennom heile året, og kvar årstid byr på sin eigen sjarm og sine eigne moglegheiter.

Vår

Når snøen smeltar, åpnar Voss sitt grøne landskap seg og fossefalla visar seg frå si beste side. Våren er ideell for å fanga det nye, pulserande livet i skogane og fjella. Friluftslivet byrjar å ta seg opp, inkludert fotturar, terrengsykling og rafting i dei nysmelta elvene.

Vår Fossefall Voss Norway

 

Sommar

Sommaren på Voss er full av liv og lange dagar, perfekt for lengre opptaksplanar. Været er generelt varmt, og naturen er på sitt beste, med glitrande innsjøar og elvar som byr på alt frå fredelege kajakkturar til spennande rafting og ikkje minst fantastiske fotturar.

Sommer Voss Norway

 

Haust

Hausten byr på eit spektakulært fargespel med gyllent lauvverk, som er ideelt for fantastiske kulissar i film og foto. Denne årstida er også populær for fotturar og terrengsykling, ettersom dei kjøligare temperaturane og den reduserte turisttrafikken gjer ei meir tilbaketrekt og intim oppleving.

Høst Voss Norway

 

Vinter

Voss blir forvandla til eit vintereventyrland, dekt av snø og med eit yrande vintersport liv. Det er ein ypparleg stad for scener som krev snødekte omgivnader, med aktivitetar som ski, snøbrett og hundekøyring lett tilgjengeleg. Vinterstemninga er magisk, og landskapet er ofte opplyst av månen når det vert mørkt.

Vinter Voss Norway

 

Referanseprosjekt

Voss har allereie vore brukt som filmlokasjon for både seriar og filmar, og har dermed etablert seg som ein attraktiv stad for filmproduksjonar. Med den unike naturen og rike kulturen vår, ynskjer Voss framleis å vera ein føretrekt lokasjon for film- og TV-produksjonar i framtida.

Lokal support

Når ein velger Voss som destinasjon for film- og TV-produksjonar, speler lokal støtte ei avgjerande rolle for å sikra at produksjonen går på skinner. Voss tilbyr ei rekkje fordeler som kan bidra til ein smidig og vellykka produksjonsprosess.

Sprilt

Front Film

Front Film tilbyr produksjon av film og foto for ulike behov. Dei lagar reklamefilmar, kampanjar, produktvideoar, informasjonsfilmar, eventfilmar og oppdragsfilmar. I tillegg tilbyr dei profesjonell fotografering, inkludert reklamefoto, produktfoto og eventfoto. Dei har god kjennskap til Voss og veit om alle dei flottaste plassane å filma for få dei beste klippa. 

Kontakt

Har du spørsmål og ønsker meir informasjon?
Ta kontakt på
[email protected]