Voss Resort
Voss Resort
Voss Resort
Voss Resort
Voss Resort
Voss Resort
Voss Resort
Voss Resort
Voss Resort
Voss Resort
Voss Resort
Voss Resort
Voss Resort
Voss Resort
Voss Resort
Vis hele bildet
Voss

Voss Resort

Voss Resort er eit av Vestlandets største skisenter. Her finn du heile 40 km med preparerte løyper for alle nivå i tillegg til fleire spennande off-piste område. Med Voss Gondol kjem du deg direkte frå togstasjonen og opp til skianlegget på under 9 minutt!

Variert terreng og løyper for alle:
I Voss Resort finn du 11 heisar og 24 løyper av ulik vanskegrad; frå enklare bakkar for nybyrjarar til krevjande terreng for dei beste. Her finn du mellom anna ei internasjonal storslalomløype og ei SuperG løype. Skisenteret har 40 km preparerte løyper, ein terrengpark, skicrossløype, 3 barneområder, preparerte langrennsløyper og 4 varmestover med serveringstilbod. I anlegget finn du og skiskule, skiutleige og afterski.

Voss Resort ligg nært tilknytt Voss sentrum og det er lett å kome seg opp til skianlegget. Du kan no reisa grønt for å koma deg til fjells, med tog og gondol! Når skianlegget er ope tek du gondolen til topps frå togstasjonen, uansett kva dag det er. Gondolen har 9 kabiner med rom til 34 personar i kvar kabin, og går kontinuerleg. Gondolen har god plass! Alle skikorta til Voss Resort (med unntak av toppturkort og enkelttur-skikort) inkluderar gondolbillett

Langrenn og toppturar:
Du finn 18 km preparerte, familievennlege langrennsløyper tilknytt skiområdet.
For det meste er løypene flate, med noko kupert terreng innimellom.
* Ljosløypa: 6 km
* Raugstadløypa: ca 3,5 km
* Turløype til Raudekross hytta: ca 8,5 km
Lønahorgi (1411 moh) er ein populært toppturdestinasjon og ligg berre ein liten gåtur frå skianlegget.

For borna:
Voss Resort har tre område for dei minste; Grebbesbakken, Badnakrokjen og Trollbakken. Grebbesbakken og Trollbakken er gratis. I helgar, høgtider og feriar vert det arrangert skirenn i Trollbakken og Badnakrokjen. Det kan og hende at Grebbe Hangur, trollet som bur på fjellet i Voss Resort, kjem på besøk innimellomI Voss Resort finn ein og ein eigen skiklubb for borna: Grebbe skiklubb! Skiklubben gjev medlemmar gode tilbod og kjekke medlemsfordeler.

Kveldskøyring:
Voss Resort har kveldskøyring kvar tysdag, torsdag og fredag. Dei har meir enn 10 km ljossette løyper i både grøn, blå, raud og svart løype.

Skiutleige og skiskule:
Skiutleigen og skiskulen finn du både ved billettluka i Bavallen og på Hangurstoppen. Her får du leiga alt du trenga av utstyr, og skiskulen har undervisning for fire ulike ferdigheitsnivå.

Overnatting: Utleige av hytter og leiligheiter på Voss Resort Bavallstunet.

Kontaktinformasjon

Anledninger

  • 23 October 10:00
  • 24 October 10:00
  • 25 October 10:00
  • 26 October 10:00
  • 27 October 10:00
  • 28 October 10:00
  • 29 October 10:00
  • 30 October 10:00

Map