Voss Resort - hytter tett på fjell og natur
Bavallstunet – Sjarmerande hytter med flott utsikt
Bavallstunet er det fyrste hyttefeltet i Voss Resort og ligg berre 100–500 meter frå skiheisen og like ved resepsjonen. Me har sjarmerande hytter med fantastisk utsikt over fjella og skianlegget. Eit perfekt val for deg som ynskjer kort veg til aktivitetar og full oversikt over området.
Tråstølen – Moderne komfort i fjellheimen
For deg som ynskjer det beste innan moderne komfort, er Tråstølen hyttefelt å anbefale. Liggande 2-3 km frå resepsjonen, tilbyr dette området hytter med fjellet rett utanfor døra og direkte tilgang til skibakkane. Perfekt for skientusiastar som vil vere fyrst i løypa og sist heim!
Bavallslia – Eit koselig hytteområde tett på skibakkane
Bavallslia er eit idyllisk hyttefelt som ligg berre 500 meter frå resepsjonen og rett ved billettkontoret og stolheisen. Her kan du bu i trivelege hytter med kort avstand til både skiheisar og fantastiske turopplevingar.
Sjå kart og finn di fjellhytte
Voss Resort gjer det enkelt å velje rett. Ta ein kikk på kartet vårt for å finne plasseringa som passar dine ynskjer.
Sjå kart over hyttefeltet i Voss Resort
Les våre bestillingsvilkår
Før du bestiller, anbefalar me at du les gjennom bestillingsvilkåra våre. Her finn du informasjon om reglar for kjøp, avbestilling og endringar.
Sjå bestillingsvillkår
Bestill hytte
Online booking må skje innan to dagar før ankomst. For seinare bestillingar, ta direkte kontakt for å sjekke ledig kapasitet. I Voss Resort ventar minnerike dagar, fantastisk natur og komfortable hytter – alt ligg til rette for draumeferien din.
Til bestilling
*Hyttene kan ha forskjellige fasilitetar, sjå bestillingsside for spesifikasjonar.