Voss

Voss Utebasseng

Utebassenget på Voss er ein populær hengeplass for store og små, heile sommaren. Ope 11:00-17:30 frå mai/juni til skulestart i august.

Med sentral plassering ved Voss Aktivitetspark og Voss Camping er bassenget lett å finna.
Etter nyopninga i 2025 har utebassenget fått seg ei oppgradering og har no badstove, kafé og fine garderobar.

Bassenget:
25m basseng med 6 banar (uten startblokkar). Stupetårnet er tilknytta dette bassenget. Bassenget vert varma opp så varm det let seg gjera uten at det vert for dyrt. Dybden går frå 0.65m (sør), til 1,55m (i midten) og vert brått djupare til 3,9m under stupetårnet (nord).

Barnebasseng:
Seperat plaskebaseng for dei minste, med ei lita sklie. Dybden er 0,4m.

Stupetårn:
Stupetårn med stupeplatå på 5m og stupebrett på 3 m. Stupetårnet er tilknytta 25m bassenget, så sjå deg for før du hoppar!

Vannsklie:
Det er to vannsklier tilknytt stupetårnet. Bratt vannsklie går frå 3m og ut i 25m bassenget på 3,9m dybde. Her er det kun lov å skli ein om gongen og alle som skal nytta sklia må vera symjedyktig.
Frå 5m finn du ei snillare vannsklie med vannstopp. Her er det maks 3 om gongen og barn under 5 år skal kun ta sklia saman med ein vaksen.

Badstova "Go lonken":
«Folkebadstova» på Voss. Stor, romsleg og med utsikt til Vangsvatnet, aktivitetsparken og utebassenget. Ei storstove for lauging og badstu.

Utebassenget kafé
Streetfood-inspirert og noko anna enn det ein elles finn på Voss.

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Sommer
  • Vår

Map