Voss
Voss Vandrarheim
På Voss Vandrarheim bur du sosialt og komfortabelt, men så rimeleg at du kan prioritera opplevingar i ferien din.
Vandrarheimen har ein unik plassering like ved Vangsvatnet og er det ideelle bualternativ når ein vil oppleva Voss og den vakre naturen her – både sommar og vinter.
Klikk her for å bestilla rom!
Voss Vandrarheim har totalt 40 rom (180 sengar), alle med toalett og dusj. Dei fleste romma har køyesenger, medan romma i kategorien "lake view private room" har dobbeltsengar. Det er ikkje TV på romma, men eitt TV-rom og også eit gjestekjøkken i fellesområdet.
På vinteren kan du slappa av foran peisen, eller kosa deg i badstova etter ein lang dag på ski. På sommaren er det kanskje den flotte balkongen med utsikt mot Vangsvatnet og Gråsida som freistar mest. Voss Vandrarheim har også ein sommarrestaurant, og serverer lokal øl.