Vossabakst
Vossabakst er Voss sitt einaste handverksbakeri!
Kvar dag bakar me mellom 70 og 80 ulike produkt i bakeriet vårt. Brøda blir steikte i steinomn og får god tid til å utvikla både smak og skorpe. Mange av dei har namn frå fjella rundt Voss – fordi me ynskjer at brøda skal spegla naturen dei kjem frå: litt ville og rustikke på utsida, men varme, ekte og gode inni.
Alle brøda våre er utan tilsetjingar og fri for mjølk, soya og nøtter.
I konditoriet lagar våre faglærde konditorar alt frå klassiske favorittar til nye søte freistingar, alltid med gode råvarer og handverk i botnen.
I Vangsgata 38 har me over 500 kvadratmeter med bakeri, konditori, kafé og utsal samla under eitt tak. Her kan du slå deg ned inne blant lukta av fersk bakst, eller nyta sola på vår uteservering.
Velkommen!
Sjå også etter deira pop-up restaurant arrangement. Obs! Desse vert fort utsolgt.
Opningstider:
Mandag - fredag: 08:00 – 16:30
Lørdag: 08:00 – 16:00
Sundag: stengt