Voss
Alf Opheim Optikk, Voss
Ein moderne butikk med godt utval i innfatningar, solbriller og kontaktlinseprodukt.
– Ein av hovudgrunnane til at me lever i beste velgåande, er at me har vald å stå i dei faglege stormane som har vore rundt far og seinare mitt faglege arbeid. På denne måten har me bidrege til å utvikla faget vårt. Me driv heile tida og utviklar oss gjennom å vera med på forskingsprosjekt, faglege kurs og seminar, seier noverande eigar Alf Opheim jr.

100 år etter oppstarten er firmaet er mellom dei fremste innan prismekorrigering og samsynsproblem. Alf Opheim Optikk har to offentleg godkjende optometrister med kontaktlinse-kompetanse, og tek seg av pasientar frå heile landet.
Forretninga vart starta i 1922 av Knut S. A. Opheim, og det er no barnebornet Alf Opheim som driv som tredje generasjon.