CBIS 5945264
Vis hele bildet
Voss

Bergslitræet i Prestegardsmoen

Fødestad og barndomsheim til kunstnarbrørne Knud og Brynjulf Bergslien.

Knud Bergslien var kunstmålar og mest kjend for det historiske måleriet "Birkebeinerne på Ski over Fjeldet med Kongsbarnet" frå 1869. Brynjulf Bergslien var skulptør og mest kjend for ryttarstatuen i bronse av kong Karl Johan framfor slottet i Oslo, avduka i 1875.

Bergslitreet er ein del av Bergsliløypa - og har museum, kafé og museumsbutikk.

Sommarsesongen 2020

Sundagsope kl. 13-16 i juni-juli-august-medio september

Informasjon om Bergslikunstnarane. Guiding, museumsbutikk.
Sal av kaffi/te, saft, is og enkel kaffimat (Vipps og kontant).

Opning av kunstutstilling søndag 7.juni kl. 14.00
Utstillingsperiode: 7/6 - 19/7

Medverkande: Dinah Varberg Sabri (måleri og tekstil)
Anneli Engeland (trearbeid)
Turid Nygaard (vev)
Per Nornes (keramikk)

Ny kunstutstilling sundag 26/7 kl 14.00
med Anne Hesvik (rosemåling)

12/9: Kulturminnedag: Guiding i Bergsliløypa og Dagestadmuseet
13/9: Kulturminnedag på Bergslitræet: Føredrag og ulike aktivitetar

Gratis.

Vel møtt til tur og kultur i Prestegardsmoen!



Kontaktinformasjon

Anledninger

  • 12 July 13:00
  • 19 July 13:00
  • 26 July 13:00
  • 02 August 13:00
  • 09 August 13:00
  • 16 August 13:00
  • 23 August 13:00
  • 30 August 13:00

Map