cbis:1910890
cbis:1910890
cbis:1910890
cbis:1910890

Bike & Hike - Myrkdalen

Bli med på sykkel og vandring - på ein og same tur! Me syklar til Holo, inst i vakre Kvassdalen, og fortset til fots til dei fine stølane i Vetle Grungen.

Turen startar ved Myrkdalen Hotel som ligg på 450 moh. Frå hotellet syklar me slakt innover til Kvassdalen – ein klassisk og frodig u-dal som vart forma av isbreen for tusenvis av år sidan. Både geiter og kyr går på beite i denne dalen og dei har teke like mykje eigarskap til vegen som trafikantane i området. Til tider må ein køyre i sikk-sakk for å koma forbi dyra som nyt sommardagane på og langsmed vegen.

Ikkje gløym å sjå deg rundt på vegen inn Kvassdalen - synet av den 90 meter høge og spektakulære Sendefossen er utan sidestykke.

Vel framme i Holo, ved hårnålsvingane mot Vikafjellet, går me av syklane og startar vandringa mot Vetle Grungen. Turen går fyrst bratt oppover (ca 200 høgdemeter) og så slakar det ut den siste kilometeren til stølane.

Ved stølane ser ein over på Grungaelvi som stuper nedover fjellsida til Vetla Grungavatnet. Vatnet byr på forfriskande bad på varme sommardagar - så hugs å ta med badeklede på turen!

FAKTA
Lengde på sykkeltur: 10 km tur/retur. Ca 150 meter stigning.
Lengde på vandretur: Ca 4 km tur/retur. 250 meter stigning
Tidspunkt: På bestilling kvar dag frå 15. juni - 30. september frå kl. 10.00 - 15.00

PRIS
Kr 1150 per person
Anbefalt nedre aldersgrense: 13 år
Leige av sykkel med hjelm er inkludert i prisen (syklane er av type hardtail-syklar)

UTSTYR
Ha på deg joggesko/lette fjellsko og behagelege klede å sykla i

I sekken:
- vind og vasstett jakke
- varme klede
- mat og drikke for dagen
- badeklede og handkle (dersom ein ynskjer å bada)

Kontaktinformasjon