Dei beste løypene på Voss

Om du er ein skientusiast på jakt etter dei beste nedfartane på Voss har du komme til riktig plass. Det kan vera vanskeleg å bli kjent med nye anlegg og å vite kvar ein får den beste skikøyringa. Løypene i denne artikkelen er tiltenkt skikøyrar som vil ha litt av alt – mykje moro og mykje pudder er inkludert. 

NB! Vær obs på skredfare når du køyrer utanfor løypene. Når du er utanfor løypa har ikkje skianlegga lengre ansvar for sikkerheita di. Ikkje ta sjansar. Les meir på "Safety for ski tourers" av Visit Norway eller på "Ski touring in Norway" på Varsom.no

Voss resort 

Hangursløypa og Hangurscrossen (Hangurstrekket)

Tar du gondolen opp kan du skli ned Hanguren og Hangurscrossen. Dette er populære løyper med artige, naturlege hinder rett ved løypa, som små hopp, svingar og urørt pudder. Om du vel Hangurscrossen og køyrer rett ned, i staden for å følgje løypa, får du ein heilt anna tur. Her er kjempe fint off-piste terreng, med små drop og hopp. Denne er mest egna for dei erfarne. Ein bonus er at desse løypene har fantastisk utsikt over Voss sentrum, og sida dei ligg på solsida fjellet er det godt mogleg du ender dagen med skikkeleg brilleskille. 

Løype 1 og 3, trekk H

skitrekk på voss, voksne og barn med skiklær  personer på ski under voss gondol, i pudder  personer på ski under voss gondol, i pudder
Foto: Jon Hunnalvatn Tøn, Hunnalvatn Media

Tealøypa og Slettafjell (Slettafjell)

Frå toppen av trekket Slettafjell kan du skli ned på begge sider av heisen. Begge løypene er perfekt for å dunke litt pudder, når det har snødd. Om du vil ha litt meir utfordring kan du køyre lengre til høgre for heisen (om du ser nedover). Vær obs på at dei med snowboard kanskje me jobba litt ekstra for å komma seg tilbake til heisen, om snøen er klebrig. Slettafjell er også ei bra løype. Løypa er lyssatt og er ope på kveldskøyringa og det er eit park område kor du kan øva på triksa dine. Utanfor løypa er terrenget variert og leikent. Du kan til og med leike deg her om kvelden, i lyset frå løypa. ¨

Løype 15 og 16, trekk S1/S2

løypekart voss resort

Myrkdalen

Storhaugen og Hyrtamyra (Storhaugekspressen)

Storhaugen og Hyrtamyra ligg på kvar si side av stolheisen Storhaugekspressen. Begge løypene er veldig kjekke og har mykje pudder off-piste. Du kan enkelt bytte mellom nypreppa løyper og urørt pudder, rett utanfor løypa. Det er populært blant dei meir erfarne å ta ein pudder tur mellom løypene, under stolheisen. 

Løype 19 og 21, stolheis H

frikjøring og pudder i Myrkdalen

Foto: Sverre F. Hjørnevik

Kari Traa løypo og Finnbuløypo (Kari Traa trekket)

Kanskje dei mest populære løypene blant snowboard- og skientusiastar. Finnbuløypo er like kjekk enten du sklir i dei velpreppa løypene eller utanfor dei i laussnøen. Om du er på pudderjakt er eit godt tips å skli litt lengre til høgre (når du ser nedover). Landskapet her er stort og ope og det er gode sjansar for å finne urørt pudder. Kari Traa trekker er like bra! Er carving din stil kan du suse ned løypa, likar du best fri flyt finn du som regel pudder til venstre for løypa (når du ser nedover). Til ekspertane: Det renn ei stor elv langs løypa som blir gjort om til ein naturleg halfpipe om vinteren. Vær obs på at elva må vera frossen og at det må vera nok snø før det er trygt å køyre her. Du treng også fart for å køyre ned her. Spørr gjerne dei ansatte før du sett utfor!

Løype 9 og 10, trekk D

Klaus Finne i elve-halfpipe:

 

løypekart myrkdalen

 

Les meir om

 

Mat etter toppturen

<% totalFilter %> filter applicerade